søndag 14. november 2010

Travelt

Kanskje det har vært litt rolig på denne bloggen i det siste. Det skuldast kun ein ting: eg har det travelt!

Sjøl om eg er uhyre effektiv og forsøker å gjera fleire ting på ein gang, så får eg ikkje gjort alt eg skulle ha gjort.
På dagens bilde fyller eg ut søknad om kontantstøtte samtidig som eg ammer. (forstår at enkelte kan bli litt støtt når dei ser slike avkledde bilde av ei ammande mor - der også litt hud vises, men eg ber om årsaking . og håper det går bra.)

Kontantstøtteskjemaet skulle eg nok ha tenkt på for lenge sidan, men det gjorde eg altså ikkje, og kan nok ikkje rekne med å få utbetalt kontantstøtte frå den dagen vi har rett på det, siden den dagen allerede er passert.
Men kjenner eg NAV riktig, så dukker det nok opp penger på kontoen min - før eller seinare. Helst seinare, tenker eg. Men i dette tilfellet skal eg altså ikkje klage på NAV.

Travelt er det jo ofte på denne tida av året. Det er juleforberedelser, juleavslutninger, julehandel, juebord, julekuler som skal strikkast, julebakst. For ikkje å snakke om julenisseluetrekk som skal syast (sjå link).
Nå skal dei seiast at eg har komt så langt i juleførebuingane at eg har kjøpt ein boks pepperkaker til 12.90. Punktum.
Så da er det vel ikkje derfor eg har det så travelt. Kva skal eg skylda på? For at mine lesarar ikkje skal tru at eg har begynt å bli lat? For det er eg jo ikkje. kremt....
Denne helga har eg hatt ein fråverande mann, og eg måtte gjera ALT i huset heilt aleine!! Stakkars meg! DET er travel det! Og i tillegg har eg begynt på ei lita strikkejakke - som skal vera presang til ei lita jente som antakelig kjem til verda i løpet av eit par-tre uker. Og eg har komt eit par cm på vei.
Joda - eg er flink som strikker. Men eg trur denne jenta skal vente lenge med å komme til verda hvis dette skal bli sengamat. Blir eg ikkje ferdig får ho få noko fint frå butikken, så får denne jakke bli til ein anna jente, som blir født om nokre år. Kanskje eit barnebarn?

Men foreløpig har eg eit håp om å bli ferdig med denne jakka, og derfor blir det kanskje ikkje like mange innlegg herfra som det pleier.
Og dersom det likevel skulle dukke opp like mange innlegg herfra, da kan du rekne med at den litle jakka ikkje blir ferdig tidsnok...
Ha ein travel mandag!

fredag 12. november 2010

Hjernekirurg eller tannlege

Vi hadde planer for minstajenta.

Siden ingen av gutane har vist interesse innen legevitenskapen, så har vi tenkt at søstera får ta seg av høgare utdanning innan dette faget. Egentlig hadde vi sett for oss hjernekirurg.
Det hadde vært noe briefet med blant venner og kolleger!

Nå kan det imidlertid virke som om ho er meir interessert i kjeveortopedi eller odontologi.
Ja, ja, det kan vel gå det og.
Nå ser eg at broren bør vera litt meir behjelpelig når det skal praktiseres litt odontololgi her i huset.

Kjekt ord, forresten. Odontologi. Litt stiligere enn tannlege, iallfall.


Syns du vi legger litt mykje press på jenta vår når vi forlanger såpass, eller er det vanlig at foreldre legg lista høg for sine barn?

tirsdag 9. november 2010

Pus leka?

Pus bli med å leka med ball!?
Neivel...du skal vaske deg nå igjen ja...

søndag 7. november 2010

Pianoøving i ein musikalsk familie

Det er foreldrenes store drøm at ungene skal vera musikalske, og kunne spele vakkert og symfonisk på minst to eller tre forskjellige instrument. Gjerne samtidig.
Vi må innrømme at vi har komt litt seint i gang med undervisninga av dei to eldste. Nå har vi hatt eit slagverk i hus eit par år, men dette er nå levert ned til naboen fordi det stod i fare for å støve ned. Videre har vi to gitarer, der den eine har alle strengen i orden. Og vi har to i familien som kan ca 3 grep kvar. Eller dei KUNNE tre grep kvar for eit par år siden.

Og vi har eit piano! Eller eit gammalt keyboard som vi fant i ein container... Det er her vi får satse på eit slags talent. Ho mor gjekk på pianoundervisning i sin barndom - og sjøl om ho kanskje ikkje imponerte den gamle pianolærerinna si, så klarte ho til slutt å lære seg Til Elise. Og ho KAN noter. Dette "talentet" prøver ho å overføre sine barn.






















Det ser ut som det kan kreve ein god porsjon med tålmodighet, men vi kan ikkje la oss stoppe av det. Nå når vi har komt på hæla når det gjelder det musikalske bør vi kjøre stramt program og gjerne øve nokre timar kvar dag. Sjølvsagt kan barna bli litt trøtte av dette, men det bygger opp personligheten, og med tida, når dei spelar dei vakraste symfoniar, vil dei takka oss!


















For Elise sin del ser alt mykje lysare ut! Ho har komt godt i gang, og holder nå på å øve på Chopins 27 nokturner, etter at ho lenge har kunne spille Til Elise både framlengs og baklengs og i blinde.

lørdag 6. november 2010

Spaghetti. Eller pizza!

Så var det lørsdagskvelden!
Kvelden da mange nordmenn spiser kjøttdeig. Enten den er lagt på ein pizza, oppi eit tacoskjell, eller servert ilag med spaghetti.
Eller servert på andre finurlige måtar.

Her i huset vart det pizza i kveld. Med kjøttdeig.

Og så hadde eg nå tenkt å forsette med å fortelle litt om kor usunt det er med rødt kjøtt, som kjøttdeig veldig ofte er laga av (med mindre du bruker kjøttdeig av svin eller kylling, som sikkert er mykje sunnere) Og at folkehelseinstituttet skriv om epidemiologiske undersøkelser som viser sammenheng mellom godt stekt rødt kjøtt og tykktarmskreft.
Men det vart så deprimerande lesing så seint på ein lørdagskveld, så det vil eg spare mine lesarar for.


Ha ein fin lørdagskveld vidare - hvis du fortsatt er våken. Evt ha ein fin søndag - hvis du har lagt deg. 
Dvs : du må jo ha ein fin lørdagskveld og søndag uansett om du er våken eller har gått og lagt deg nå...?

fredag 5. november 2010

Klær som vokser

Ojsann! Eit gamalt bilde som dukka opp her - frå i vår. Det var på den tida Elise låg relativt i ro på gulvet. På eit teppe. Og var stort sett fornøyd med det.
Nå ligg ho ikkje mange sekunder i ro på eit teppe på gulvet i våken tilstand lenger.
Ho har blitt litt større. Faktisk ca 1 år, ein månad og 10 dagar gamal i dag.
Men denne strikka dressen som ho har på her, den kunne eg plukke fram etter somaren, og den passar ennå! Elise har jo vokst i løpet av somaren, så denne dressen har tydligvis vokst med ho. Noko som er ein uvanlig ting å gjera for klær, for i mitt klesskap pleier det meste å krympe når det ligg litt for lenge.
Eg veit ikkje om det er fuktighet i skapet vårt som gjer det, eller om det er andre faktorar som spelar inn? Eg vil iallfall prøve å legge klærne mine i Elise sitt skap fra nå av, så kanskje dei vokser med meg? Kanskje luftfuktigheten er av ein heilt annan kvalitet der inne?
Eg kan ikkje la det vera uprøvd.

Ha ein fin fredagskveld!

torsdag 4. november 2010

Grønne tomateplanter? Og rosa kirsebær!

Vi har eit drivhus med tomatplanter i. Det vil sei; dei er der ikkje nå lenger. Men tidligere i høst var det tomatplanter der.

Og dei såg slik ut:























Og litt seinarer såg det slik ut:

























Den siste tomata vart nok aldri spist opp. Men dei andre var faktisk ganske så smakfulle.

Men skal tomatplanter vera brune? Er det nokre tomatplante-kyndige der ute som kjenner til dette?

Men at kirsebær-awarder er rosa er det ingen tvil om! Ein award for vakre blogger med det lille ekstra.
Denne syns Shy B med bloggen A bit (ch) shy  at DENNE bloggen fortjente!?
Takker og bukker kjære Shy B! Både for award og for hederlig omtale! Veldig kjekt å få award av Shy B, då dette er ei dame som i tillegg til å skrive bra, også skriv bra nynorsk! Som den oppvakte lesar har oppdaga, så skriv eg og nynorsk. Men eg veit at eg ikkje skriv heilt etter læreboka. Eg har ei god venninne som eg veit les denne bloggen, og eg veit også at ho vrir seg litt i stolen når ho les nynorsken min. Men nok om det.
Nå burde eg sikkert gått litt tilbake i historien for å sjekke kva opprinnelsen til denne awarden var, men det blir for mykje arbeid for meg i dag, når eg har levd med eit ustabilt nett i eit døgn, og er på hæla når det gjeld blogg-skriving og blogg-lesing.
Men det første vi må gjera når ein får denne awarden er å takka, men det har eg visst alt gjort.
Så skal vi kopiere award-bildet på bloggen.
Det har eg gjort her:


Punkt tre er å fortelja om tre ting ein likar å gjera.

Den var verre.

Hm...

Det står ingenting at det må vera DEI tre kjekkaste tingene eg likar å gjera, så...her er tre ting eg likar å gjera:

  • eg likar å drikke varm sjokolade med masse krem oppi.
  • eg likar å få ein cherry on the top-award! (men det var jo ikkje ein ting eg gjer...så den teller nok ikkje med her, nei)
  • eg likar å få til å lukke igjen ei skuff eller eit skap som i utgangspunktet ser heil umulig ut å få lukket. (pga rikhaldig innhald)
  • eg likar å går barbeint i graset, om sommaren - dersom det er ein plen som - ulik vår - er fri for ugress, småstein og kvist og kongler, småleikar, biller og anna som gjer at det ikkje er så mjukt å gå på.
Den siste tingen med denne awarden er å gi den vidare til 5 blogger. Nå har denne awarden gått ei stund, og antakelig har alle bloggene eg følger hatt denne minst ein gang. Hvis det er nokon som ikkje har fått den: beklager - det er heilt ufortjent at dere ikkje har fått den! For alle bloggene eg følger er slike som fortjener awarder i hytt og pine. De skriv så bra alle - og eg bare MÅ få med meg alt de skriv, og det blir så travelt! Så eg meiner egentlig det er for mange gode blogger rundtomkring! Og det dukker stadig opp fleire. Korleis skal dette ende? Ein må snart gjere dette til heildagsjobb om ein skal klare å følge med på alt. Men foreløpig har eg fått lite inntjening på denne bloggen - og når eg i tillegg leser at ikkje eingang Pias Verden gjer store penger på sin blogg - ho som har bloggen sin referert i både KK og VG, i tillegg til å dukke opp på TV i tide og utide (eller bare ein gang da..men TENK den reklamen!) - så eg forstår at eg bare kan gi opp drømmen om ein bloggekarriere. På heildags- og heilårsbasis. Og nå kjenner eg på meg at eg må avslutte, for nå vart det så mykje tekst her at det bare er såvidt eg orker å korrekturlese før eg publiserer.
Ha ein fin kveld!

tirsdag 2. november 2010

Trim

Bloggedame med pus på fanget - i ei, for ein gangs skuld, ryddig stove
Har eg gitt mine lesarar inntrykk av at eg ikkje trimmar?

Isåfall er det egentlig litt feil. Eg hoppar av og til frå den eine sofaen, den på kjøkkenet, og opp i den andre, den i tv-stova. Her sit eg altså i den andre sofaen. Der eg vanligvis ikkje befinn meg, fordi denne stova er så full av puter, fjernkontroller, viskerusk, ledninger til wii'en, ledninger til ein eller annan data, pledd, leker, blyanter, enslige sokker, "perler" (fra ein billigvariant av ein sakkosekk med hull i) og ransler. Og sjøl om onde tunger her i familien meiner eg ikkje ser rotet rundt meg, så trives eg ikkje så godt her inne med alt dette rotet.
Eller kanskje eg ikkje trives her fordi det er litt kaldere i den stova enn i resten av huset?
Nå var headingen i dette innlegget "trim". Jada, eg veit at eg ikkje skreiv så mykje om trim her i dag. Men så er det ikkje så mykje å skrive om trim for min del for tida heller.
Men bare vent! (trur eg..?)