Oppskrifter

Skuleboller

3 liter kveitemjøl
2 ts bakepulver
4 dl sukker
400 gr smør/margarin
100 gr gjær
10 dl melk
1 egg
Lag vanlig gjærdeig (det kan jo alle, så eg gidder ikkje utbrodere det... du får heller spørre meg om du er i tvil)

Eggekrem
4 1/2 dl melk
3 egg
3 ss sukker
3 strøkne ss maizena
3 ts vaniljesukker.

Bland alt kaldt og rør til det koker. Avkjøl.
Trill ut bollene, klem dei flate og lag ein fordjupning i midten der du legg eggekremen.
Steik bollene på ca 250°C i ca 8 min.
Ha på melis og kokos når dei er kalde.
Spises opp så snart som mulig. Best når dei er nysteikte!! Men går fint å fryse dei og. Uten melis og kokos-strø...

Pinnebrød

1/2 kg mjøl
2 ts bakepulver
1 dl sukker
1 ss salt
1 dl olje (type mat-)
ca 2 dl vatn


Bland alt sammen til ein fast men smidig deig.
Tvinn deigen rundt pinnen eller rundt pølsa og grill den forsiktig over god og varm grill/bål.


Trøstesuppa. Til minne om Jens Bjørnebo.


Nok til to
Trøstesuppe blir som regel fortært seint på kvelden, når ungane har lagt seg og
ein er sliten og treng litt trøstespising.
Suppa blir laga etter det som er i kjøleskapet. Men nudlar og grønsaker er alltid
med i mi oppskrift.
-Bacon i terninger, brun i litt olje.
-siste resten av ein purreløk. skjert i tynne ringar
-1/2 persillerot skåret i tynne stavar (tilfeldig at denne var i kjøleskapet. Gulerot,
selleri er også bra)
-1/4 sommarkål(nykål) snitta fint opp.
-1 tomat i fine båtar.
-1/2 til 1 pakke med nudlar
-1 ts ketschup og 1 ts tomarpurè
-1 terning kyllingbuljong
nykverna pepar


Etter at bacon er bruna, tilsett purre, persillerota og kålen. La det fresa i eitt
minutt. Tilsett 1/2 til 1l vatn. La alt koka saman i ca 5min. Tomatene blir tilsett det
siste minuttet.
Nyt suppa og livet blir lettare å leva for ei stund.




Trøstesuppa til Jens Bjørnebo.
I orginalversjonen er dette ei fiskesuppe frå Napoli.
På seksti-talet var Jens Bjørnebo i skriveeksil på øya Ischia utanfor Napoli.
Han skulle skriva roman og følte nok prestasjonsangsten. Store doser med
italiensk raudvin måtte til for å smøra tynnslitte nerver.
I tillegg var han forelska i ei lokal jente, Monica. Då skjønar me at han måtte laga
seg ei trøstesuppa «den lastefulle fiskesuppe». Eller som han skriver:
«det eneste som hjelper er den store himmelske napolitanske fiskesuppe. Min
trøstesuppe, som jeg lager selv».
Har prøvd å laga ei oppskift ut i frå teksten til Bjørnebo. Den er som følger:
«Den lastefulle fiskesuppe»
-fisk av ulike slag. Bjørnebo nevner ulke, pir (liten makrell) og hvitting (kviting på
vestlandet). i tilligg reker, blåskjell, blekksprut, sjøkreps og languster. Eller som
han seier, «hva man måtte ha for hånden»
I tillegg:
-olivenolje (i mengder)
-kvitlauk (i hemningslause mengder)
-persille (fleire buntar)
-salvie (ein del)
-basilikum (ein god porsjon)
-tomater (ei tilsvarande mengde som alt det andre)
Steik reker og kvitlauk raskt i olja. Ta det opp.
Bland urter og tomater i gryta. Dette kokes saman til ein tjukk tomatsaus.
Legg sjømaten oppå tomatsausen og fyll på med kvitvin til det dekker.
La det trekke lenge og spe på med meir vin. Suppa skal bli tjukk.
Serveres varm og slik at fisk, reker og skalldyr blir rettferdig fordelt (B. var ein
god kommunist). Til slutt seier han dette om maten;
«Jeg skulle se den sorg, som ikke drukner. Den er bedre enn vår barndoms
sagosuppe»
Han anbefaler til dessert nyplukka druer med brennevin, men det kan me ta ein
annan gong.
Jens Bjørnebo. Samlede essays. Gyldendal norsk forlag.



Kyllingvinger m/potetbåtar og tomatsalat
Mandagsmat fritt etter hukommelsen
1 pk marinerte kyllingvinger
4 store poteter
3 tomater
Basilikum
Timian
Matolje(oliven, raps eller solsikke) og smør


Tilbred kyllingvingene som vist på pakningen.


Stekte poteter:
Del uskrella poteter i seks på langs. Steik båtane i ei blanding av olje og smør.
Bruk sterk varme og snu potene etter et par minutt. Brun dei fint på sidene utan skrell.
Skru ned varmen, snu potetene med skrellsida ned. Dryss på salt, nykverna pepar,
og tørka timian etter smak.
Legg på lokk og la potetene kosa seg til de er møre. Ca 15-20min.


Tomatsalat:
Del tomatene i to på tvers. Ta ut innmaten.
Skjer tomatene i små båtar og legg dei i ei skål. Ha oppi ein liten håndfull fersk basilikum.
Tilsett litt olivenolje, litt salt og nykverna pepar.


Dette er ein fin mandagsmiddag til 4 personar. Velbekomme og håper det smaker..


Sjokolademuffins
300 gr mørk kokesjokolade i biter
300 gr smør
5 egg
1,5 dl sukker
2 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver


Smelt sjokolade og smør i vannbad.
Pisk egg og sukker til eggedosis.
Ha sjokoladen, mjøl og bakepulver i eggedosisen og rør forsiktig.
Ha deigen i små eller store muffinsformer.
Steikes i 20-25 min i 160 grader.
Saftige og gode!! 
Gode dagen etterpå også!

Ertersuppa på gamlemåten
1 grisaknok
1 pakke gule erter
5 poteter
1 gulerot
1/2 mellomstor kålerabi
1 løk
1ss mørk buljong frå Toro
1/2 ts tørka timian
kverna pepar
Legg ertene i vatn natta over.
Slå vatnet av ertene.
Ha ertene og knoken i ei stor gryte. Fyll på med vatn til det dekker knoken.
Kok opp og skum av. La gryta småkoka i 1 1/2 -2 timer med gløtt på lokket.
Skjer grønnsakene i store bitar, la alt putra saman den siste halve timen, eller til
grønsakene er møre.
Til slutt, skjer knoken rein for kjøt, del i småstykkjer og ha tilbake i gryta.
Bør nytast saman med «Mors flatbrød» og iskaldt vatn. Nam-nam!


Amerikanske blåbærmuffins
6 ss smør eller margarin
1,5 dl sukker
4,5 dl kveitemjøl
1 toppa ss bakepulver
1 ts vaniljesukker
½ ts salt
1 ¼ dl mjølk
1 egg
Ca 3 dl frosne eller ferske blåbær
Sett ovnen på 200°C
Bland det tørre. Kna det inn med smøret til ein smuldredeig.
Bland sammen mjølk og egg, og ha det forsiktig i smuldredeigen. Det gjer ingenting om det er litt klumpar i deigen. Bland til slutt i blåbæra.
Ha deigen over i 7-8 store muffinsformer.
Steik dei i ca 20-25 min.
Spises!
Kan fryses, og varmes opp igjen. J


Donaldkake (Aksel sin versjon)
Skalet frå ei halv appelsin
3 egg
4 knuste kjeks
2,5dl sukker
3 dl mjøl
1 plt hakka sjokolade
1,5 dl smør
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker

Visp egg og sukker til eggedosis
Bland resten forsiktig i eggedosisen
Ha blandinga i ei godt smurt donaldform.
Steik kaka i 45 min i ca 175°C.

Spises opp når den er passe avkjølt. NAM!



Vasskringler
350 gr kveitemjøl
4 ss margarin
2 dl melk
30 gr gjær
1 ts salt
1/2 dl sukker


Lag deigen som vanlig gjærdeig. Deigen skal vera fast og smidig. 
Hev deigen til dobbel størrelse.
Trill ut store tynne kringler. Bruke lite bakemjøl. Denne oppskrifta er nok til ca 12 kringler.
Legg to-tre kringler om gangen i fosskokande vatn i ei stor, vid gryte.
Ta dei opp når dei flyt opp til overflata (tar berre nokre sekunder)
Legg dei på steikebrettet og steik i ovnen i ca 20 min på 200 grader. 
Kringlene skal vera sprø.
Spises ferske, med smør på.
Kan også fryses.


Mors Klubb spesial


3 dl lunka vatn
50 gr gjær
200 gr margarin (smeltast)
2 egg (1 ½ til deigen og ½ til pensling)
600 gr kveitemjøl
2 ts salt

Bland godt og hev i ca 1 time.
Del deigen i to. Kjevle dei til to avlange stykker, ca 15 cm breide.

Fyll:
400 gr ost
1 skinkeboks (gjerne litt meir dersom du har litt skinkerester liggande)
3 dl purre.

Rasp osten og hakk opp purren og skinka.
Fordel det likt på dei to stykkene.
Brett dei saman, og knepp godt saman i skøyten. Legg dei på steikebrett med skøyten ned – form til ein ring.
Pensle med egg og strø på sesamfrø.
Klypp hakk langs kanten på begge sider.

Hev ca 15 min.
Steik i 225°C i ca 30 min.



Fiskesuppa!  (også nok til naboen)
Fisk:
-250gr. laks
-500gr. kvit fisk.F.eks breiflabb, sei, torsk.(ikkje hysa, den har ofte ein «spesiell» smak)
Marinade:
-2ss olivenolje (ikkje «ekstra virgin»)
-1ss havsalt (eller etter smak og behag)
-nykverna pepar
-1knivsodd safran
-safta av 1/2 sitron
Del fisken i terningar (halvannan cm) og bland i marinaden.
La stå kjølig i minst 1t.
Grønsaker:
-1 gulerøter (skjerast i «tannpirkarar» 2-3cm lange)
-1/2 purreløk (opphakka i skiver)
-1ts havsalt
Kokast i 1/2 l vatn, max. 4min.
Sil av kokevatn (ikkje i vasken) og sett grønsakene på vent.
Kraft:
-krafta frå grønsakene
-1 1/2l Dåfjordvatn
-1persillerot
-1/4 sellerirot
-1terning fiskebuljong (har du fiskekraft så bruk det)
-1beger cremè fraiche
Kok til røtene er møre(ca 10min).
Ha oppi cremè fraice og mos alt grundig med stavmiksar.
Fiskesuppa:
Ha den marinerte fisken og de kokte grønsakene oppi krafta.
Varm forsiktig opp til fisken ikkje lenger er sushi.
Serverast med kvitlauksbaguettar og passande vin.


Potetstappa «Homer Simpson»
1kg poteter, melne og godt vaska
salt og pepar
smør

Kok potetene til ein kniv går lett igjennom.
Slå ut kokevatnet og la potetene bli tørre.
Skrell halvparten av potetene, og
la den andre halvparten forbli uskrella.
Mos potetene i ei stor gryte saman med minst 2 ss smør,
bruk ein «støytar».
Bland i mjølk til passelig potetstappekonsistens.
Smak til med salt og pepar.

Sjakktriks for ei luftig potetstappa;
Visp ho opp med ein stavmiksar rett før servering.
nam nam..


Snobbete ostasmørbrød:
1 slice loff
1del ketchup og 1del tomatpurè smøres fint utover
tilfør loffen ei hakka tomat (utan innmat)
toppa med havsalt (Maldon), nykverna pepar, frisk basilikum og mozarella
Steikes i ovnen til osten er litt brun


Roalds Fiskesuppa  «ekstra god»
























Fisk:

























-250 gr aure/laks
-250 gr kvit fisk
Skjerast i passelige terningar.
Marinerast i saft frå 1/2 sitron og 1 1/2 ts salt i 1 time

Suppa:
Smelt 1ss smør og 1ss olje(raps, solsikke)
Blank 1 opphakka løk og tilsett 3ss mjøl.
Kok i 1min.
Tilsett 1l melk, 1terning fiskebuljong og 1dl Cremè fraiche.
Kok opp under omrøring.
Mos løken inn i suppa med stavmiksar.

Tilsett deretter:
1 kn reven muskatt
1 kn pepar
1 gulerot i strimler(forhåndskokt i 1min)
Litt safran
1/2 dl fløyte
Den marinerte fisken.

La det trekke i ca 5min. til fisken er ferdig.