torsdag 4. november 2010

Grønne tomateplanter? Og rosa kirsebær!

Vi har eit drivhus med tomatplanter i. Det vil sei; dei er der ikkje nå lenger. Men tidligere i høst var det tomatplanter der.

Og dei såg slik ut:























Og litt seinarer såg det slik ut:

























Den siste tomata vart nok aldri spist opp. Men dei andre var faktisk ganske så smakfulle.

Men skal tomatplanter vera brune? Er det nokre tomatplante-kyndige der ute som kjenner til dette?

Men at kirsebær-awarder er rosa er det ingen tvil om! Ein award for vakre blogger med det lille ekstra.
Denne syns Shy B med bloggen A bit (ch) shy  at DENNE bloggen fortjente!?
Takker og bukker kjære Shy B! Både for award og for hederlig omtale! Veldig kjekt å få award av Shy B, då dette er ei dame som i tillegg til å skrive bra, også skriv bra nynorsk! Som den oppvakte lesar har oppdaga, så skriv eg og nynorsk. Men eg veit at eg ikkje skriv heilt etter læreboka. Eg har ei god venninne som eg veit les denne bloggen, og eg veit også at ho vrir seg litt i stolen når ho les nynorsken min. Men nok om det.
Nå burde eg sikkert gått litt tilbake i historien for å sjekke kva opprinnelsen til denne awarden var, men det blir for mykje arbeid for meg i dag, når eg har levd med eit ustabilt nett i eit døgn, og er på hæla når det gjeld blogg-skriving og blogg-lesing.
Men det første vi må gjera når ein får denne awarden er å takka, men det har eg visst alt gjort.
Så skal vi kopiere award-bildet på bloggen.
Det har eg gjort her:


Punkt tre er å fortelja om tre ting ein likar å gjera.

Den var verre.

Hm...

Det står ingenting at det må vera DEI tre kjekkaste tingene eg likar å gjera, så...her er tre ting eg likar å gjera:

  • eg likar å drikke varm sjokolade med masse krem oppi.
  • eg likar å få ein cherry on the top-award! (men det var jo ikkje ein ting eg gjer...så den teller nok ikkje med her, nei)
  • eg likar å få til å lukke igjen ei skuff eller eit skap som i utgangspunktet ser heil umulig ut å få lukket. (pga rikhaldig innhald)
  • eg likar å går barbeint i graset, om sommaren - dersom det er ein plen som - ulik vår - er fri for ugress, småstein og kvist og kongler, småleikar, biller og anna som gjer at det ikkje er så mjukt å gå på.
Den siste tingen med denne awarden er å gi den vidare til 5 blogger. Nå har denne awarden gått ei stund, og antakelig har alle bloggene eg følger hatt denne minst ein gang. Hvis det er nokon som ikkje har fått den: beklager - det er heilt ufortjent at dere ikkje har fått den! For alle bloggene eg følger er slike som fortjener awarder i hytt og pine. De skriv så bra alle - og eg bare MÅ få med meg alt de skriv, og det blir så travelt! Så eg meiner egentlig det er for mange gode blogger rundtomkring! Og det dukker stadig opp fleire. Korleis skal dette ende? Ein må snart gjere dette til heildagsjobb om ein skal klare å følge med på alt. Men foreløpig har eg fått lite inntjening på denne bloggen - og når eg i tillegg leser at ikkje eingang Pias Verden gjer store penger på sin blogg - ho som har bloggen sin referert i både KK og VG, i tillegg til å dukke opp på TV i tide og utide (eller bare ein gang da..men TENK den reklamen!) - så eg forstår at eg bare kan gi opp drømmen om ein bloggekarriere. På heildags- og heilårsbasis. Og nå kjenner eg på meg at eg må avslutte, for nå vart det så mykje tekst her at det bare er såvidt eg orker å korrekturlese før eg publiserer.
Ha ein fin kveld!

8 kommentarer:

  1. Grattis med kirsebæret! Den tomaten kan jeg ikke hjelpe deg med, sorry....eller orsak, heter det kanskje?

    SvarSlett
  2. He, he du er god du! Det er det eg seier, at eg trur du skriv om mine ting av og til. Har hatt sånne litt misfarga tomater eg også. Har forsatt grønne tomater som ligg inne og modnar litt etter litt.
    Min nynorsk er nok ikkje heilt perfekt, og rettskriving har eg aldri vore stø på. Eg er iallefall fornøgd med di skriving.:)
    Blogging tek litt tid, ja!

    SvarSlett
  3. Men fikk jeg awarden av deg? Eller?

    SvarSlett
  4. Gratulerer! Vel fortjent kirsebær. Jeg syns du skriver knallbra nynorsk jeg.

    SvarSlett
  5. Kirsebær er deilig! Tomatene deres ser ut som soltørkede tomater; hvilken luksus!

    SvarSlett
  6. Så vel fortjent!
    Du skriver kjekt og jeg føler meg nesten på besøk hos deg her inne-på skikkelig.
    Og du gir også meg-som ShyB også gjør-lyst til å skrive på nynorsk.

    - så må jeg takke så mye for den flotte fortsettelsen inne hos meg. Den varmet på en litt sur-men akk, så frihetsfylt- kveld.
    :)

    SvarSlett
  7. Pia: Ja, du er faktisk ein av dei bloggenen som eg følger, og dermed ein av dei bloggene som eg syns fortjener award! :)
    Og du er vel ein av dei som har fått ein award eller to før?

    SvarSlett
  8. Hæh, skriver du nynorsk?!? ;o)

    Angående tomatplante: Så vidt jeg veit er tomatplanter ettårige og dør etter å ha satt frø. Derav brunfargen. Trur eg... Hvis den altså ikke alltid har vært brun da...?

    Gratulerer med kirsebær! :o)

    SvarSlett