lørdag 23. oktober 2010

Spinatsuppe og litt skryt - og litt sjølkritikk

Bildet skal vise ein tallerken med oppspist spinatsuppe. Alt det andre ser du bort fra, nå i første omgang iallfall....
Altså: spinatsuppe!
Denne blir laget fra grunnen av. Med poteter og løk og spinat som moses til ei jevn suppe. Pluss vatn, buljong, fløyte og litt snadder som gjer at den smaker fortreffelig. Og servert med kokte egg.


Grunnen til at eg nevner dette nå er at eg leste ein blogg, "Lykkelig som Liten", som hadde ein artikkel om dårlig samvittighet og ferdigmat kontra mat laget fra grunnen av. Ein godt formulert artikkel som eg var HEILT enig i. Grunnen til at eg var heilt enig er nok at vi faktisk er ganske gode på å lage mat fra grunnen av her i huset (takket være mannen som er veldig glad i å lage mat!) (eg er mest glad i å lage kaker, men eg trur ikkje denne artikkelen skreiv noko om kaker...) Hadde vi brukt meir posesupper og frossenpizza her i huset hadde eg nok ganske sikkert ikkje vært SÅ enig i det ho skreiv... Det er nå eingang slik, at ein stort sett er mest enig i sine egne meningsfeller....Eg trur det er sine egne meningsfeller ein lytter mest til...og ein lukker auge og øyrer når ein er uenig... Er det ikkje sånn da? Hvis de skjønner kva eg meiner...? Men dette var ein digresjon.

Eg skal ikkje skryte på oss at vi er så skrekkelig sunne, sjøl om vi er flinke på å lage mat fra grunnen av. Vi spiser ganske normalt, og vi er glad i søtsaker og kaker. (Det er nok ikkje tilfeldig at oppskriftsboka, som tilhøyrer samme gut som også eig armen som kom med på dette bildet, ligg oppslått på ei kake-side.) Men vi tror det er viktig å lære ungene skikkelig matlaging. Lære dei at det faktisk ikkje er så komplisert å lage gode middager, uten å bruke pose. Eller ferdigpizza. Eller pølser i pølsebrød.

Vi trur også det er viktig å lære ungene sine gode matvaner. At vi sitter rundt samme bord og spiser middag sammen. I høflig konversasjon.
...og her har vi - som bildet også illustrerer - ein lang veg å gå....

Ha ein fin lørdag!

fredag 22. oktober 2010

Sko og dårlig økonomi...

Gjett tre ganger kven som har dei dyraste skoene i familien!
Eg er ikkje heilt sikker på om det er Elise, men det kan jammen ikkje vera langt ifra. Nå påstår eg ikkje at desse skoene som ho så stolt viser fram er dyre. Dette er nokre heilt greie joggesko, kjøpt på økonomisko for 198,-.

Men desse skoene klarte eg antakelig å legge igjen på hytta sist vi var der- og uansett så er det jo som kjent nå komt snø utenfor huset, og joggesko og snø er ein dårlig kombinasjon.

Derfor svingte eg innom skobutikken på vei heim i dag. Dessverre ikkje til Økonomisko, som ville blitt ein litt større omvei, MEN som heilt sikkert ville spart meg for mange hundrelapper.
I skobutikken som eg stakk innom var det ca eit par sko, som var at typen vintersko til så små, og dei kosta 699,-!!!
Og ho mor måtte jo fint kjøpe, for ho mor ville så gjerne ta vesla med seg ut i snøen slik at ho fekk bygge sin første snømann og hatt sin første snøballkrig.
Men den som bare syns snø var kaldt, og kraup opp trappa og inn igjen(ho gjekk ikkje eingang, på dei nye skoene...) det var vesla...
699,- for eit par sko! Og det var ikkje eingang skinn... Eg som har fått meg ein flunkande ny og raud og fin koffert, med hjul og kompass (!) til 125,- på Ica maxi! (Ja ja så varte den bare 2 1/2 tur, men likevel...)
Korleis kan det vera slike hårreisande priser på enkelte ting, medan andre ting nesten kastar dei etter oss?

Etter eit kjapt søk på nettet fant eg andre ting ein kan får for 699,-. F.eks eit pittelite kamera som kan festes på kva som helst f.eks ein sykkelhjelm, og filme medan du sykler. Kjekk ting å ha! Og appropos sykkehjelm: eg fant også sykkelhjelmer til denne prisen, 699,-. Og ikkje bare fant eg sykkelhjelmer til 699,-. Eg fant dritstilige sykkelhjemer! Og eg som trudde ein sykkelhjelm var ein sykkelhjelm. Sjekk ut denne her linken!
(Men dei stiligaste hjelmane kosta 998,-. )

Men tilbake til skoa... Eg må jo få lov til å innrømme at dei dyre skoa var utrolig skjønne, og fantastisk lette, og heilt sikkert supergode. Merke: "Superfit" (som eg aldri har hørt om før...?) Det var dagens reklame. Håper fleire går i fella og kjøper like dyre sko! ;)
Ha ein fin dag med eller utan sko (helst med - hvis du skal ut iallfall...)

torsdag 21. oktober 2010

snø eller rydding av kjøkkenskap....?

Egentlig burde eg skrive om snø i dag, for det er snø ute..!?...men eg syns det er litt for tidlig med snø. Derfor fortrenger vi det faktum at det faktisk kom ned nokre centimeter snø i gårkveld, og krysser fingrene for at det går fint å komme seg på jobb, hvis eg kjører forsiktig... (Roald stod opp kl 06.00 for å skifte dekk på bilen min! Takk gud for at likestillingen ikkje har komt SÅ langt ennå...Og ein stor takk til Roald!)


Istedenfor skriver eg om litt meir trivlige ting, slik som rydding av kjøkkenskap! For det er jo ein fin ting å halda på med!

Det første ein må gjera når ein skal rydde eit skap er å dra ut alt som er inni skapet. Til dette får eg god hjelp av vårt kjære lille nurk. Ho er flink! Det er bare to små ting som irriterer meg litt.
1) Ho hjelper ALDRI til med å rydde tilbake i skapet. Og:
2) Ho rydder ut av det samme skapet veldig ofte! Vi har faktisk ganske mange kjøkkenskap som burde vært rydda, men det er kun dette eine som blir tatt. Gang etter gang. Og det er ikkje eingang spesielt rotete! Forstår ikkje heilt kvifor ho stadig tar dette skapet?
....kanskje det er kaffiflekken ho ser der inne og meinar at det er på tide å dra frem mikrofiberklutane (link) igjen og faktisk vaske litt også? Må ærlig innrømme at den flekken har eg ikkje sett før eg såg bildet her...så det er nok den ho har irritert seg over... Neste gang vi rydder skapet skal eg finne frem klutene og fjerne flekken! DA kan vi kanskje gå over til neste skap :)

onsdag 20. oktober 2010

Fotografering og trappesikring

Det hender at pappa er aleine heime med godjenta.

Når mammo så kjem heim og får sjå slike bilder som dette, får ho frysninger nedover ryggen og ein plutselig trang til å springe til barnesikrings-butikken og kjøpe trappegrind!

Mammo hadde nok ikkje i dette tilfellet prioritert å ta bilde av denne nesten-ulykka, men kasta alt ho hadde i hendene og berga den stakkars litla jento.

Men det gjekk heldigvis bra denne gangen og... Pappaen har vel meir kontroll enn kva mamma trur.

Nå skal det også seiast at han i går faktisk lærte ho å gå baklengs ned trappa, bare for å skryte litt av mannen for ein sjelden gang! Flinke mannen! Og flinke Elise!

tirsdag 19. oktober 2010

Garn og kreativitet

Å leike seg med garn er ein artig aktivitet som vi driv mykje med her i huset. Det trylles fram mykje vakkert med garn og heklenål, synål, vev, strikkepinner eller kun fingrene.
Vi lar også minstejenta få leike seg med litt garn av og til.
Vi forlanger sjølvsagt ikkje så mykje av kreasjonene som ho lagar, det viktigaste er at det er kjekt å halda på med!

Og kjekt er det jo!
Og sjøl om resultatet kanskje ikkje er så mykje å skryte av, så vert det som regel til noko som kan brukes. I dette tilfellet - eit heilt greit sjal!

(Så lurer du litt på kvifor det plutselig vart grønt til slutt, når garnet var grått?? Må være noe feil med fargene på dataen,..eller har det skjedd noko under framkallinga av bildene...eg skjønner det ikkje heilt..?)

mandag 18. oktober 2010

God jul alle sammen!

Det er bare 44 dager igjen til 1.desember, og eg har merka meg eit stigande jule-fokus i bloggmiljøet! Nå er ikkje eg den som stikk hodet fram og skryter av mine husmorbragder i tide og utide, men syns kanskje det er på tide å vise fram julebaksten nå.

I sirlige bokser oppå kjøkkenskapene står julekakeboksene på rekke og rad, og stablet pent oppå kvarandre.


Pepperkakene er bakt etter oldermors hemmelige oppskrift, overlevert på handskrevet ark gjennom generasjoner. Like vellyket og velsmakende fra år til år!

Og krumkaker, sjølvsagt laget på godt gammeldags støpejerns-krumkakejern, på vedfyrt komfyr. Deilige, velformede, og dei smakar nydelieg med krem og heimelaga bringebærsyltetøy, med bringebær frå eigen hage.

Til og med eit ferdig knust pepperkakehus har vi laga ferdig! Vi syns det er best å knuse det med det samme vi har laga kunsverket. Sjøl om det sjølvsagt var svært vakkert der det stod høgreist, med 4 høge tårn, vakkert utskårne takplater, stabbur og med eit sirlig detaljert lite utedo, så syns vi det blir litt uhygienisk hvis det skal bli stående fremme i så mange uker.
Og til slutt har vi sjølvsagt nokre velsmakande kakemenn for barnas skuld!

Alt dette har vi sjølvsagt gjort klart for leeeenge sidan.

Faktisk for ca 10 månader sidan! 

God jul!

lørdag 16. oktober 2010

Lørsdagskvelden og heimalaga vin?

Her på vestlandet, i hagen vår, som ikkje er spesielt solrik - spesielt ikkje siden den faktisk befinner seg nettopp på vestlandet, her vokser det vindruer!
Vi har ein stor flott vinstokk som vokser oppover veggen på sørsida av huset vårt.

Dermed har vi gått til innkjøp av vinballonger, sukker, gjærlås, eiketønner, hevert, vinometer (ja, det heiter visst det- instrumentet som måler alkoholprosenten) og ein masse vinflasker og korker og vi har sendt inn bestilling på spesialdesigna etiketter! Snart blir det servert heimalaga vin, fra eigne druer!

Men sjå på druehøsten vår....:
...heldigvis finnes det mykje god vin på polet også...
Ha ein fin lørdagskveld, med eller utan vin!

fredag 15. oktober 2010

Høstferie og korrigering og blogging.

OK!
Det var kanskje ikkje heilt sant det som stod på trykk på denne bloggen i går... For at vedkommende (som ikkje skal nevnes med navn!) ikkje skal få dårlig rykte, må eg herved tilstå at gårsdagens innlegg var litt ufint, og veldig mykje usant.
Vi vart tatt fantastisk godt imot, og vi fant ut at det var ein fantastisk kjekk, morsom, gjestfri, koslig, snill og.... (nå kom eg ikkje på fleire adjektiv, men så ville det vel blitt usannsynlig og litt vel overdrevet hvis eg hadde fortsatt...) familie! Og dette var ikkje ironi! Det kom fra hjertet. :)
Sånn. Nå har eg litt mindre dårlig samvittighet for det fæle innlegget fra i går...
Og så lurte kanskje nokon på kva gårsdagens blogg-bildet var? Ja det kan dere lure på! Det hadde ingenting med turen å gjera. Det var eit bilde som fotografen har tatt, og gitt til meg, for at eg skulle legge det inn på bloggen, men kva skal eg blogge om til det bildet??? (Det var forøvrig bilde av ei sil, etter at den er blitt brukt til å sile solbærlikør)

Og dagens bilde? Gyroskop. Ein innretning som demonstrerer prinsippet om bevaring av bevegelsesmengde  innenfor fysikken (kilde: Wikipedia.) Artig sak, men den har, i likhet med gårsdagens bilde, ingenting med dagens innlegg å gjera.
For dagens innlegg skulle handle om ferie!

Og om blogging.

For det er egentlig ikkje tid til ferier lenger når ein held på med blogging! Iallfall kan ikkje blogger og vikar reise på ferie samtidig.
Ein ting er at ein ikkje får lagt inn nye innlegg. Ein annan ting er at ein heller ikkje får lest andre sine innlegg!
Og når ein endelig kjem heim, så burde ein sjølvsagt pakke ut etter turen, rydde ut av bilen og vaske klær og ta seg av posten og ubetalte regninger. Men neida. Da er det bloggen som må prioriteres!
Og ein ligg jo da allerede på etterskudd, så det blir mange lange kvelder framfor dataen, før ein endelig så smått får hodet over vatnet og kan starte på haugene med skittentøy og inkassokrav i tillegg til å endelig kunne møte opp på foreldremøter, stille opp på barna sine kamper og handle inn mat.

Det ryktes i bloggmiljøer at enkelte faktisk klarer å lage seg ein heil haug med nesten ferdige innlegg, som så kan publiseres sånn litt og litt når ein kanskje ellers har det litt for travelt til blogging.
Men kva tid skal ei stressa og ustrukturert husmor/karrierekvinne få tid til slikt?? Måtte blitt i arbeidstida det..
Men da har ein jo andre ting å holde på med... Jobb f.eks... Så det går nok ikkje. Og i lunsjen må ein vera sosial, for det er det einaste tidspunktet  i løpet av dagen at ein faktisk har tid til å vera sosial, hvis ein da ikkje kaller blogging for sosialt, og det kan ein vel gjera, for det kan faktisk til tider vera sosialt- og nå vart dette ein fryktelig lang setning - og eit fryktelig langt innlegg med ein salig blanding av bokmål og nynorsk... -  så eg får vel avslutte.
Ha ein fin fredag!