mandag 13. februar 2012

Sjuukt

Sjuuukt bra! kan gutane finne på å sei som ein positiv omtale om noko som vi vaksne snakkar om som veldig bra, eller kjempebra hvis det virkelig skal understrekes kor bra det virkelig er.
Forrige helg var ei sjukt bra helg for min del. Eg stakk av fra mann og barn - og det er sjølvsagt ikkje derfor helga vart sjukt bra.
Eg fekk først eit par timer med ei venninne som eg ikkje har sett på mange år. Mykje mimring og "nå MÅ vi treffes oftere". Og det får vi jammen håpe!
Så ein liten flytur og eit aldri så lite - og sjukt bra - bloggtreff. Som du kan lese meir om her. Ein sjukt vellukka kveld, sjøl om det - til min store skuffelse - ikkje var nokon goodie bag'er å sjå. Men skuffelsen vart dempa av den sjukt fine og morsomme gjengen med damer. Bloggdamer.
Etter denne kvelden var eg på eit sjukt bra kurs nokre dager før eg endelig reiste heim til min sjukt fine familie.

Men så - når helga nærma seg - vart jentungen verkeleg sjuk. Sånn på skikkelig. Ikkje noko alvorlig heldigvis, men spybeigen, så det var jo ille nok. Mammo fekk ein fridag - for å ta seg av ein sjuk unge. Eit par dager etterpå låg både mammo og dei to eldste i barneflokken som slakt - smitta av den sjuke veslejenta. 
Pappen i huset vart midlertidig ansatt som hjelpepleiar. Eg vil ikkje sei han gjorde ein sjukt bra jobb. Men når sant skal seiast: eg hadde nok heller ikkje fungert som ein sjukt bra hjelpepleiar for ein sjuk mann...
Det er nok ikkje utan grunn at verken eg eller min mann vart sjuke- eller hjelpepleiarar.
Nå føler dei fleste av oss sjukt bra igjen, og satser på å komme oss på skule og jobb i morgon.
Ha ein sjukt bra dag! Håper de held dykk friske!


8 kommentarer:

  1. Vel blåst! Spying er noko, eh, drit. Helsing erfaren. ;) Sykt bra kommentar dette.

    SvarSlett
  2. Dette kan vel tolkes til at du er tilbake i sykt god form, eller dødsgod, som ungdomsskoleelever gjerne velger å si. Og det er bra. Dritbra.

    SvarSlett
  3. Huff, dette høyrest velkjend ut. Forrige veke var slik for oss... Og minstemann som var fyrst ute er begynt på`an igjen, noko eg absolutt ikkje likar:/ Men det bloggetrefet såg kjekt ut ja!! :)

    SvarSlett
  4. Sjukt bra, Ingrid! Høres kjempetrivelig ut med blåggertreff, og det var jammen noen flotte jenter du traff :)

    Håper dere alle er klare for verden nå.

    SvarSlett
  5. No får dåkk holde dåkk sjukt friske framover! Sjukt god klem

    SvarSlett
  6. Sjukt bra innlegg!! :)

    SvarSlett
  7. Ah, kort vei fra sjukt bra til bare sjukt. Noterer meg at 50% av deltakerne opplevde sjukdom etter det sjukt bra treffet...

    Elisabeth

    SvarSlett