fredag 27. januar 2012

Lises utfordring - dag 5: matblogging

Lise har gitt seg sjøl, og andre som vil henge seg på - ein utfordring om å blogge forskjellige blogg-kategorier kvar dag denne uka.

Eg henger meg på bare av den grunn at eg da kanskje blir nominert også i andre kategorier enn mamma- og fjaseblogg-kategorien. Kvar for seg altså. Eg fekk dermed framheva at eg faktisk er nominert i - ikkje bare mammablogg-kategorien (som eg har lova å ikkje nevne fleire ganger...) men nå også: fjas! (inne hos Lise)
 Noko som eg syns var ein mykje større ære enn mammablogg-nominasjonen...men sånt bør eg kanskje ikkje sei så høgt. Men det gjorde eg heller ikkje.)
Men over til utfordringen:

MATBLOGGING!

I gamledager, når eg starta med denne bloggen, la eg gjerne ut oppskrifter sånn innimellom. Dei kan du finne her. (eller du finn dei på linken: Oppskrifter som du finn på høgre side her.)
Problemet med den sida var at oppskriftene vart liggande på EITT innlegg. Ikkje mulig å søke i dei, og veldig vanskelig å redigere. Derfor litt mykje rot her. Men mange gode oppskrifter! Eks blåbærmuffins og Trøstesuppa - til minne om Jens Bjørnebo.
Oppskriftene med ein sunnere vri (slik som trøstesuppa) er det mannen i huset som har stått for, medan eg har bidratt med f.eks blåbærmuffins - litt mindre sunt. 

Dagens matblogginnlegg: Kokosboller!
...kanskje det er sånt ein helst lager til jul, men nå var det det einaste matbildet eg hadde liggande som passa seg i ein matblogg.
(Glem det lange håret som ikkje heilt passa inn her,
som burde vært gjemt i ein kokkehatt e.l)
Oppskrifta kan du lese her.
Dette var ei veldig omstendelig oppskrift, men det gjer jo ingenting. Dette var lett som ein plett!
Men det som det ikkje stod noko om i oppskrifta var at det tok FRYKTELIG lang tid å rulle alle kokosbollene i sjokolade og kokos, så det er lurt å starte den prosessen litt tidlig på kvelden, så du slipper å stå heile natta med det arbeidet.
Men smaken er så fortreffelig at det er verdt alt strevet!
Kjøpte kokosboller kan ikkje samanliknast med heimelaga!

4 kommentarer:

  1. Jeg heier på mannens trøystesuppe. Sukkerboller med sjokkis og kokos du, liksom. Men det vil jeg bare si, at når vin er den eneste lørdags eh.. helge .. eh kosen du inntar med greit karboinnhold, da går det unna! Se, det var vel et fint lavkarboargument, hva?

    God helg til deg og dine, Ingrid!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg såg faktisk oppskrift på kokosboller på ei lavkarbo-side også! :) Da bytter du bare ut sukkeret med noko anna søtninsstoff, som ikkje eg kan navnet på.. Vin er jo ingen dårlig erstatning for snop... Men det beste er BÅDE vin og snop...

      Slett
  2. Rødvin og sjokolade og lakris, feks!
    Mmmm..!

    Matblogging kan du,
    det vet jeg.

    SvarSlett
  3. Ha, ha! Det håret passa perfekt til kokosbollane!

    SvarSlett