torsdag 26. januar 2012

Lises utfordring - dag 4: rosablogging

Lise har gitt seg sjøl, og andre som vil henge seg på - ein utfordring om å blogge forskjellige blogg-kategorier kvar dag denne uka.

Eg henger meg på bare av den grunn at eg da kanskje blir nominert også i andre kategorier enn mamma- og fjaseblogg-kategorien. Kvar for seg altså. Eg fekk dermed framheva at eg faktisk er nominert i - ikkje bare mammablogg-kategorien (som eg har lova å ikkje nevne fleire ganger...) men nå også: fjas! (inne hos Lise)
 Noko som eg syns var ein mykje større ære enn mammablogg-nominasjonen...men sånt bør eg kanskje ikkje sei så høgt. Men det gjorde eg heller ikkje.)
Men over til utfordringen:

I dag: Rosablogging! ...eller noko sånt..
I dag har eg og veslejenta hatt ein fin dag! Vi sov lenge på morgonen, og våkna blide og forøyde og stod opp og vi dusja sammen og kledde på oss kvar vår outfit som passa veldig fint sammen. Fekk ikkje tatt bilde av meg med mitt outfit, men dere kjenner meg, så dåke kan sjå det for dåke at min outfit var fin og stod i stil til ho på bildet. 
Etter ein deilig lavkarbofrokost hjalp ho meg å vaske hus, stryke laken og pusse sølvtøyet - for det (pusse sølvtøy altså) har vi ikkje hatt tid å gjere siden før jul!!
Deretter kunne vi kose oss og ha kvalitetstid sammen. Vi var lenge ute og aka, og etterpå gjekk vi inn og lekte sammen. Vi hadde det mykje moro med prinsesseboka med klistermerker i.


Etterpå gjespa jenta mi høgt og lenge, og ho hoppa glad og fornøyd oppi vogna si der ho sov eit par timer medan eg fekk tid til å brodere ferdig nokre juleduker som straks er ferdige, som skal vera julegaver til neste jul, og eg laga middager for resten av uka. Fiskegrateng, levergryte, ertersuppe og ein lekker liten okseragu. Godt å få gjort slike ting medan ho sover. Da får eg litt meir tid til ho, og dei andre i familien resten av uka.
Akkurat idet ho vakna, strålande fornøyd etter eit par timers søvn, kom storebrødrene heim fra skulen, raude og gode i kinna etter ein fin dag. Dei hengte jakkene fint fra seg og sette skoene på skostativet.
Og gav både meg og velsesøstera ein stor god klem før dei satte seg ned og konsentrerte seg om leksene.

I mellomtida dekka eg fint på bordet, satte fram blomane eg fekk av mannen i går, og diska opp med ein ein av dei lekre middagane eg allerede hadde gjort klart og salat og alt var klart idet mannen kom sliten, men fornøyd, heim fra jobb.
Så har vi hatt oss eit par timer med familiekos og kvalitetstid før minstejenta atter ein gang gjespa og spratt elegant opp i senga si etter å ha spist kveldsmat, pussa tenner, vaska seg og tatt på pysjamasen.

Da fekk vi endelig tid til å bare konsentrere oss om dei to store guttene i familien, og vi har hatt oss ein lang og god samtale, både om lekser, nyheter og samfunnet generelt.
Og til slutt, nå når også gutane sover søtt, kan eg konsentere meg om blogg.

Har du hatt ein fin dag?

(Alternativ 2: eg har vært ein snartur i Oslo idag - og har slett ikkje hatt tid til familien - og juksa med bloggen og laga blogginnlegget klart på forhånd...)

17 kommentarer:

  1. Er det ikke herlig at det går an å tøyse seg til en slik dag, i stedet for å måtte gjøre alt det der..?

    Du er en superflink kategoriblogger!

    SvarSlett
  2. Nah! Kor søtt :)))

    Du heng med på blogginga, eg rekk ikkje.....

    Oslotur skulle eg ha likt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Oslo-tur er greit. 2 1/2 times møte- og ein heil dag med reising.. Ingen tid til shopping...men eg liker heldigvis å reise :)

      Slett
  3. For en flott, dog helt vanlig og hverdagslig dag du har hatt.
    Så jeg synes dette var mer Hverdagsblogging, enn Rosablogging.

    Slik er ihvertfall noenlunde min hverdag.

    ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var deg eg tenkte på når eg skreiv dette innlegget, ja. Tenkte at akkurat slik har WB (ikkje WF....) det kvar dag! :)

      Slett
  4. Jeg synes ikke sluten ble rosa nok. Burde ikke den vært slik:
    Da begge gutane var i seng, kunne mannen og eg ha litt kvalitetstid for oss sjølve. Fyrst snakka vi saman om korleis dagen hadde vore, så fekk eg deilig fotmassasje av den herlige mannen min. Vi avslutta kvelden med tantrisk sex på badet. Etterpå la vi oss tett inn til karandre og slik sov vi til ein ny dag grydde.
    Ellen :D
    PS! Se bort fra min mangelfulle nynorsk.

    SvarSlett
    Svar
    1. Obs...hadde det sneket seg inn ein setning der om Oslo...? Neida..din versjon stemmer mykje bedre med verklegheita. Vil eg tru... Kvelden er jo ennå ung... ;)

      Slett
  5. Ha! Rosablogging, du lissom! Da hadde dere neppe snakka noe særlig meg guttene om samfunnet eller noe annet. Du burde omtalt dem som "Prinsene" og egentlig ikke noe mer om dem, kun at de er verdens herligste.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, søren...du har heilt rett! eg skal innrømme at eg har gjort eit slett research-arbeid... orker ikkje lese så mykje rosa før eg bare MÅ innom ein fjaseblogg og kvile augene igjen :)

      Slett
  6. Å, for en herlig dag du har hatt og for en søt lita prinsesse. Hvor er outfiten fra? Kos og klemz

    SvarSlett
    Svar
    1. Outfitten: genseren er ein arvegenser (antar det må vera fra Ralph Lauren e.l..) Og den saken over genseren fekk Elise av reservebesteforeldre-naboene våre når dei hadde vært i Tyrkia. :)

      Slett
  7. Familieidyll!

    Det verste er jo at jeg er innom et par blogger som skriver sånn. På ramme alvor!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har såvidt ramla innom eit par slike eg og. Ved eit uhell...

      Slett
  8. Har hatt det minst like fint som deg! Ha, ha!!

    SvarSlett
  9. Hehehe... ;) Er du som meg, og veldig skeptisk til at dei som bloggar slik kvar dag, verkeleg har gjennomført alt dei skriv, med godt humør?? Håpar du hadde det kjekt i Oslo;)

    SvarSlett