mandag 23. januar 2012

Lises utfordring - dag 1: Kjæledyrblogging

Lise har gitt seg sjøl, og andre som vil henge seg på - ein utfordring om å blogge forskjellige blogg-kategorier kvar dag denne uka.

Eg henger meg på bare av den grunn at eg da kanskje blir nominert også i andre kategorier enn mamma- og fjaseblogg-kategorien. Kvar for seg altså. Eg fekk dermed framheva at eg faktisk er nominert i - ikkje bare mammablogg-kategorien (som eg har lova å ikkje nevne fleire ganger...) men nå også: fjas! (inne hos Lise)
 Noko som eg syns var ein mykje større ære enn mammablogg-nominasjonen...men sånt bør eg kanskje ikkje sei så høgt. Men det gjorde eg heller ikkje.)
Men over til utfordringen:

Først ut denne uka er "Kjæledyrblogging"
Dette er eit forsømt område innen bloggverden (såvidt eg kjenner til??) og det skal eg prøve å rette litt på med dette innlegget.
illustrasjonsfoto: kjæledyr av typen katt.
I dette tilfellet ein katt som  lengselsfult kikker inn på kjøkkenet til matmor/ -far.

Eit kjæledyr er - som navnet seier - eit dyr som ein kan kjæle med. Eg skriv nynorsk på denne bloggen - og plutselig vart eg i tvil om det heiter kjæledyr på nynorsk?
Eg ville heller sagt kose enn kjæle.
Men kosedyr er ikkje heilt det samme som kjæledyr. Eit kosedyr er eit dyr laga av tøy - og fylt med noko mjukt, slik at det blir godt å - nettopp - kose med. 
Kjæledyr er ordentlige dyr. Som ein kan kose med. Men det kommer litt an på kva for eit kjæledyr det er snakk om. Går det f.eks an å kose med ein tarantell? Eller ein akvariefisk? Eller ein dobermann? Eller eit marsvin?
Katter kan ein iallfall kose med. Dersom dei er kosete. 
Ikkje alle katter er kosete.
Da bør ein prøve å unngå å kose med dei.

11 kommentarer:

  1. Oppklarande rundt forvirrande begrep!
    Eg har blogga mamge gongar om katten vår, som burde vere eit kjæledyr, men slettes ikkje er brukande som det. No har vi fått kampfisk, og den er så koseleg så. :) Vi kan stryke den på finnane. Og den "kysser" oss på fingeren når den får mat :) ergo: ein kan kjæle med ein fisk!!

    SvarSlett
  2. Nei, katter skal man ha respekt for. Jeg har fremdeles arr etter å ha tvangskosa med katter i barndommen. Taranteller kan man IKKE kose med. NOT!
    Kjenner at jeg får veldig lyst til å skrive kommentaren på nynorsk...
    Ellen :)

    SvarSlett
  3. Jeg blei litt begreps-forvirra....vår katt koser ikke, er hun et husdyr da kanskje?

    SvarSlett
    Svar
    1. Husdyr? Er ikkje det meir sauer og sånt? Men sikkert også katter ja. Hvis det ikkje er ein kosete katt.. Nå har eg ikkje satt meg så veldig inn i desse begrepa..

      Slett
  4. Svar
    1. Jadda...det er ikkje alltid fantasien strekker til og blir til ordentlige blogginnlegg..

      Slett
    2. eller er det WB som er noe treig i kveld??

      Slett
    3. Eg liker ikkje å innrømme det med eg spelar ikkje WF... :-( fordi mobilen ikkje har ein sånn app... så eg kan nok ikkje skylde på det...

      Slett
    4. Wf??
      Jeg snakker om meg selv WB;)
      hahaha!

      Slett
    5. He he!! WB/WF..ikkje SÅ lett å se forskjell... og eg lider STERKT under det å ikkje har WF så det er nok derfor eg blingsa litt her :)

      Slett
  5. Vi har to katter som ikke er så kosete og en hund som er mer kosete enn en kosete katt. Han er stor, men sitter gjerne på fanget. Han kan bære mat og drikke for oss når vi går på tur, så han er et nyttedyr også.

    SvarSlett