Lise har gitt seg sjøl, og andre som vil henge seg på - ein utfordring om å blogge forskjellige blogg-kategorier kvar dag denne uka.
Eg henger meg på bare av den grunn at eg da kanskje blir nominert også i andre kategorier enn mamma- og fjaseblogg-kategorien. Kvar for seg altså. Eg fekk dermed framheva at eg faktisk er nominert i - ikkje bare mammablogg-kategorien (som eg har lova å ikkje nevne fleire ganger...) men nå også: fjas! (inne hos Lise)
Noko som eg syns var ein mykje større ære enn mammablogg-nominasjonen...men sånt bør eg kanskje ikkje sei så høgt. Men det gjorde eg heller ikkje.)
Men over til utfordringen:
Dagens blogg-kategori: bloggeblogging!
Dette er ein heilt vanlig blogg-kategori. Om det finnes nokon som bare blogger om det å blogge kjenner eg ikkje til, men det er iallfall mange som gjer det litt, innimellom den vanlige mamma-, rosa- eller samfunnskritiske blogginga.
Ein kan blogge mykje og lenge om blogging.
Blogging er faktisk den aktiviteten som alle bloggarar har til felles! Dei som skriv mest om denne aktiviteten er nok bloggarar som ikkje har så mykje anna å blogge om. Eksempel - ein viss herverande blogg. Det er også mange som bloggar om kor teit det er å blogge om intetsigende pjatt, slik som mange damer, eksempelvis underteikna, gjer.
Det finner uendelig mange ting å blogge om, og det finnes uendelig mange blogginnlegg som handlar om det å blogge.
Eg er sjøl av den oppfatning at det er idioti å bruke timesvis på å blogge om bare tull og tøys.
På samme måte som det er idioti å spise sjokolade, kaker, chips og anna mat som ikkje nødvendigvis inneheld slike ting som kroppen treng.
Men eg gjer det likevel. Eg både tulle-bloggar og spis sjokolade. Og kaker. Og boller med krem.
Men sjølvsagt skulle eg egentlig hatt ein samfunnskritisk blogg. For det er viktig å vera samfunnskritisk! Og siden vi fekk denne utfordringa av Lise å skrive forskjellige blogg-kategorier kvar dag, så kanskje det kan dukke opp eit samfunnskritisk innlegg her i løpet av uka.
For innerst inne er eg eit samfunnsengasjert menneske! Eg liker jo fred og sånt. Og vil gjerne at det skal bli mindre ulykker på vegane. Og at maten skal bli billigere. Og at folk ikkje skal bli sjuke, og hvis dei likevel blir sjuke skal dei få ein flink doktor som ordner opp med ein gang. Og sånne ting.
Kva syns du at ein god blogg skal innehalde?
Ein god blogg må innehalde mye humor, sjølvironi og masse forvirrande effektar. Og så må den ikkje innehalde for mykje krig og fred og sånt,
SvarSlettOg så er det fint hvis det skrivast på nynorsk.
See? (jeg kan nynorsk!! eller kanskje ikke?)
kosemoseoverdose-konkurrent-klem
Nå er du i siget, Ingrid! Du vet jo hva jeg synes en god blogg bør inneholde. Kaker, outfits og tannkremtips.
SvarSlettEn god blogg bør være som om den var skrevet av Stalin selv i Sovjetunionen i 1935. Eller 1950.
SvarSlettEventuelt at det stadig dukker opp tema og problemstillinger som vi andre kjenner oss igjen i..
Du heng med!! Fjas må vere med i ein god blogg :))
SvarSletthehe...morsomt prosjekt du har på gang!
SvarSlettEn god blogg må vel være som et kinderegg, noe morsomt, spennende og en "leke" (gjerne i form av et spørsmål/gåte?)
ikke for mye krig og fred, ikke for mye politikk...ikke baaare outfits! ;-)
Gleder meg til de andre variantene følger på..bloggblogging var nytt for meg!