tirsdag 15. juni 2010

Kjøkkenskuff 1

Da har vi hatt eit par dager der vi har vist for heile verden (kanskje ein mildt overdrivelse...i og med at vi i snitt har ca 4 lesarar til dagen, inkl 2 innan nær familie...) kor rotete vi kan ha det i vår ellers så strøkne heim.

Nå kjem det derfor eit par innlegg om innhaldet i kjøkkenskuffene våre! Her står alt på giv-akt! ...iallfall gjer det det omtrent kvart skuddår, når vi nettopp har rydda,kasta, vaska og sortert litt oppi der.. og nå er det vel kanskje snart skuddår igjen??

Bildet avslører ellers at vi er ein heilt normal familie når det gjeld matvaner. Her er den obligatoriske risgrøten, knekkebrød, o'boy, rosiner, mors flatbrød (som er det beste flatbrødet! - om ein ikkje bakar sjøl...?) potetmjøl, bakekakao osv... og to pakker fruktsukker.
Fruktsukker er eit mykje sunnare alternativ enn sukker, og blir derfor med ujevne mellomrom kjøpt inn til husholdningen. Men så er det så mykje dyrare enn vanlig sukker, og derfor sparer eg litt på det, og dermed vert det ståande i skuffa...Og så glemmer eg det ut. Nå kom eg på det igjen.

Men så har ein høyrt at dette sukkeret er søtare enn vanlig sukker? Stemmer det? Og kor mykje søtare?? Sånt må ein jo vite om ein skal bytte ut sukker med fruktose? Og når eg lever i uvissa, blir også desse to pakkane ståande trygt og godt innerst i skuffa.

Kanskje det nå kan dukke opp gode råd slik at vi kan få brukt det opp?

3 kommentarer:

  1. Kosthaldet kjenner eg igjen. Men fruktsukker? Visste ikkje at det finnst ein gong;-) Held seg sikkert bra, sidan du ikkje tek det fram i utrengsmål... Og forresten så er eg nokså sikker på at de har fleire lesarar i døgeret enn fire. Så det er sagt. Legg in Google Analytics og sjå!

    SvarSlett
  2. Ser akkuarat ut som mange andres skuffer ja! Og hva fruktose gjelder: Ofte kan du nøye deg med 2/3 av hva oppskrift i fht vanlig sukker sier. Jeg her gjort det noen ganger - men så ender jeg opp med vanlig sukker igjen.

    SvarSlett
  3. Takk for at du beviser, nok ein gong, at dette er normalen!

    SvarSlett