 |
| "Donkidonki" |
Det er mykje å gruble på her i verden. Og det er mykje å engasjere seg i her i verden. Hvis ein bare gidder.
For det er sikkert
latskap som gjer at eg ikkje er så fryktelig engasjert. Ikkje når det gjelder viktige ting iallfall.
Sjølvsagt
engasjerer eg meg sterkt når det gjelder mine egne barn. Og sjølvsagt er det viktig.
Men så er det så mange andre viktige saker å engasjere seg i.
F.eks
likestilling. OK, det er tilnærma likestilling her til lands, litt for mykje likestilling, om du spør enkelte menn, og eg kan til dels sei meg enig. Men dei aller fleste kvinner i verden opplever ikkje likestilling. Mange kvinner opplever å bli undertrykka. Som gruppe, og ikkje bare enkeltindivid. Sjølvsagt blir eg opprørt når eg høyrer om kvinner som er totalt underlagt mannen. Og slikt høyrer vi om stadig vekk. Men gjer eg noko??
Eg blir også frustrert når eg høyrer om
tsunamien i Indonesia. Eller
kolerautbruddet i Haiti som rammer dei stakkars vulkanofrene som fortsatt lever sammenstua i helsefarlige teltleirar. Men gjer eg noko??
Eg blir frustrert når eg høyrer om norsk
kommuneøkonomi som stadig er så dårlig at kommunane slit med å opprettholda eit tilfredsstillande tilbud til sine innbyggarar. Og om
nedskjæringar i helsevesenet. Spesielt når eg høyrer om andre statlige instanser som "svømmer" i penger. Men eg løfter ikkje ein finger for å gjera noko med det. Og
eldreomsorg. Det opprører meg også å høre om eldre som blir stua inn på eit lite kott, fordi den nye flotte - og tomme- fløyen som er bygget på sjukeheimen vart så dyr at dei ikkje fant midler til å halda den i drift. Men eg gjer jo ingenting med det...
Men eg har eit fadderbarn! Som eg sender penger til ein gang i månaden. Og eit brev ca ein gang kvart skuddår...
Er ikkje det flott da?
Eg kan vel lene meg tilbake og vera fornøyd med det!? Eller??
Føler det vel ikkje akurat sånn, nei.
Men bare vent! Når eg får bedre tid, og bedre økonomi -
DA skal eg engasjere meg!
I mellomtida blir det
donkidonki med litle Elise og lekseoppfølging m.m. med dei to eldste.
Og nesegrus beundring av folk som gidder å engasjere seg. Enten det er frivillige i veldedige oranisasjoner, politikarar, eller ansatte i helsevesenet. Eller andre idealister.
Ha ein engasjerande dag!