mandag 1. november 2010

Laus-finger

Så var halloween. eller hallo-vin - kall det kva du vil - over for denne gang. Her ute på landet har det gått stille for seg- med eit enkelt halloween-party for yngsteguten på fredag. (ikkje hos oss...)
Og eit lite glass vin for oss voksne - for å markere dagen litt...

Og ein relativt enkel utkledning. Se bildet.

søndag 31. oktober 2010

Pottepitling

Har du huska å skru tilbake klokka?

Og sjekka om potteplantene treng vatn?

(Og det var alt eg ville formidle i dag. Kort innlegg til tross for at det blir ei ekstra lang helg pga klokkesnuing..)

Ha ein fin søndag!

fredag 29. oktober 2010

donkidonki

"Donkidonki"
Det er mykje å gruble på her i verden. Og det er mykje å engasjere seg i her i verden. Hvis ein bare gidder.
For det er sikkert latskap som gjer at eg ikkje er så fryktelig engasjert. Ikkje når det gjelder viktige ting iallfall.





Sjølvsagt engasjerer eg meg sterkt når det gjelder mine egne barn. Og sjølvsagt er det viktig.
Men så er det så mange andre viktige saker å engasjere seg i.
F.eks likestilling. OK, det er tilnærma likestilling her til lands, litt for mykje likestilling, om du spør enkelte menn, og eg kan til dels sei meg enig. Men dei aller fleste kvinner i verden opplever ikkje likestilling. Mange kvinner opplever å bli undertrykka. Som gruppe, og ikkje bare enkeltindivid. Sjølvsagt blir eg opprørt når eg høyrer om kvinner som er totalt underlagt mannen. Og slikt høyrer vi om stadig vekk. Men gjer eg noko??
Eg blir også frustrert når eg høyrer om tsunamien i Indonesia. Eller kolerautbruddet i Haiti som rammer dei stakkars vulkanofrene som fortsatt lever sammenstua i helsefarlige teltleirar. Men gjer eg noko??
Eg blir frustrert når eg høyrer om norsk kommuneøkonomi som stadig er så dårlig at kommunane slit med å opprettholda eit tilfredsstillande tilbud til sine innbyggarar. Og om nedskjæringar i helsevesenet. Spesielt når eg høyrer om andre statlige instanser som "svømmer" i penger. Men eg løfter ikkje ein finger for å gjera noko med det. Og eldreomsorg. Det opprører meg også å høre om eldre som blir stua inn på eit lite kott, fordi den nye flotte - og tomme- fløyen som er bygget på sjukeheimen vart så dyr at dei ikkje fant midler til å halda den i drift. Men eg gjer jo ingenting med det...
Men eg har eit fadderbarn! Som eg sender penger til ein gang i månaden. Og eit brev ca ein gang kvart skuddår...
Er ikkje det flott da?
Eg kan vel lene meg tilbake og vera fornøyd med det!? Eller??

Føler det vel ikkje akurat sånn, nei. Men bare vent! Når eg får bedre tid, og bedre økonomi - DA skal eg engasjere meg!
I mellomtida blir det donkidonki med litle Elise og lekseoppfølging m.m. med dei to eldste.
Og nesegrus beundring av folk som gidder å engasjere seg. Enten det er frivillige i veldedige oranisasjoner, politikarar, eller ansatte i helsevesenet. Eller andre idealister.

Ha ein engasjerande dag!

torsdag 28. oktober 2010

God morgen norge!

Frokost er dagens viktigste måltid. Da er det grovt brød, youghurt med mykje oppi eller graut som spises her i huset.
Med skikkelig frokost innabords kan ein starte dagen full av energi!
Sunn frokost!
(legg spesielt merke til D-vitamindråpene og åndelig føde i form av bok!)

















Utmattet og trett jente som ikkje har spist opp frokosten sin.
Jente som har spist opp frokosten sin,
og som full av energi har gått i gang med det daglige
rydding-av-kjøkkenskuff-ritualet sitt.


Og om du sluntrer unna dette viktige måltidet, ja da kan du risikere å ende opp som dette her.














Men med god, sunn, norsk bondefrokost innabords, da kan resultatet bli som her..





Ha ein strålande flott torsdag, med eller utan frokost...

(...og dagens teksten ville ikkje samarbeide når det gjelder plassering, så mulig at dette innlegget blir noko forivrrande, men slik får det bli i dag..)

onsdag 27. oktober 2010

Oppvask og design-oppvakskost



Ein aldri så liten dokumentar frå oppvasken vår er på sin plass nå etter lang tids oppvask-blogge-pause.
Eit koslig motiv? Eh..nei... Lett å blogge om..? Eh...nei.

Men eit par positive observasjoner kan vi gjera her.
Nokon har baka!
Og så må nokon vaske opp etterpå!


Med design-oppvaskkosten fra Jordan er det  
SÅ KJEKT å vaske opp!

Hadde bare kvaliteten stått i stil med designet. Her opplevde vi eit tretthetsbrudd etter ganske kort tids bruk. Virkelig skuffende. Nå når vi endelig hadde fått ein kost som gjorde det KJEKT å vaske opp, så knekker den ganske enkelt.
Vi hadde planer om å sende kosten i retur, og klage til Jordan vet hvordan, men kosten havna visst i bosspannet før vi kom så langt.
Trur nok at Jordan hadde hatt barmhjertighet med oss, og forsynt oss med nye oppvaskkoster for eit heilt liv. Design-oppvaskkoster.

Nå tenker eg vi får gå tilbake til Ikea sine. Og lide oss gjennom oppvasken som før...

Ha ein fin dag, med eller utan oppvask!

tirsdag 26. oktober 2010

Vinterstemning og vindusvask

Vinteren ser ut til å ha kommet. Som eit sjokk på oss vestlendinger som opplever vinter ca kvart 5 år, og siden vi hadde vinter nok for eit heilt liv i fjor, så rekna vi med å bli spart for slik vederstyggelighet i nokre år framover.


Men dengang ei.

Og dette må dokumenteres og blogges om, opp og i mente. Det kan eg jo forstå.

Men kvifor tok fotografen bildet fra innsida av eit stoveglas som ikkje er heilt nyvaska...?  Det kan eg IKKJE forstå.

mandag 25. oktober 2010

fotograf-fotografering del 2, og ruteknusing

Eg lovte å komme med eit innlegg om fotograferingen i dag og. Og siden tilbakemeldingene var så utrolig positive i går, så skal eg legge ut litt fleire bilder her.
Fotograf Trine Bjervig
Her er eit par av bildene som vart tatt av Trine. Skjønne herlige bilder! Veldig kjekke bilder å ha, sjøl om det kanskje ikkje blir desse vi henger opp på veggen. Fordi det var så mange andre flotte bilder som kan henges opp på veggen. Så mange flotte bilder at det er vanskelig å velge.
Fotograf Trine Bjervig
Eit luksusproblem.
Det er ein kunst å få fleire enn ein person til å bli sånn noenlunde fornøyd med seg sjøl på eit og samme bilde. Men det har altså Trine her klart! Årets julekortbilde er definitivt i boks! Og besteforeldre-julegaven!
Fotograf Roald A. Sundal

Her ser de korleis ho mor forsøker etter beste evne å få sine tre håpefulle til å se glade og lykkelige ut.

Fotograf Roald A. Sundal
Bilen vår, ein ukjent bil og Viking sin bil.
Fotograf Ingrid Sundal

Og her eit forsømt barn, med ei mor som blir minna på at ho kanskje bør passe på den vesle jenta så ho ikkje fell ned frå krakken...



Og til slutt ein liten historie om surrefamilien. (ein kortversjon)
Vi klarte sjølvsagt ikkje å få med oss alle klærne vi hadde tenkt å ha på oss på fotograferinga, ved første forsøk. Derfor vart ein av dei yngste i familien sendt ned igjen til bilen for å hente dette.
Korleis han klarte det er mindre vesentlig, men han klarte altså å låse nøklene inne i bilen...
Med det resultat at vi måtte ringe Viking.
Viking kom, men dei kunne ikkje dirke opp bilen, for den er innbruddssikker. Godt å vite!
Siden vi da befant oss på østlandet, og reservenøklene befant seg på vestlandet, beslutta vi å knuse ei rute for å få tak i nøklene. Som tenkt så gjort. Og nøklene vart funne og vindauga teipa godt igjen, og familien reiste lukkelege heim igjen til vestlandet for å vente på alle desse flotte bildene!
(Til opplysning er ruta nå fiksa, og hvis vi er heldige tar forsikringa seg av betalinga..)
(og lurer du på om guten har fått straffa si? Nei, det falt på sin egen urimlighet å straffe guten, siden han har denne surrete egenskapen fra BÅDE far og fra mor...)

søndag 24. oktober 2010

bloggelykke og fotograf-fotografering del 1

Det er ein forunderlig verden, denne bloggverdenen.
Vi starta denne bloggen, eg og Roald i januar i år. Vi skulle vera så originale at vi skulle vise heimen vår slik som den verkeleg er, i motsetning til mange av interiørbloggene, som viser eit glansbilde av heimen sin.
Eg har ingenting imot interiørblogger som viser glansbilder, så det er sagt! Sånt må ein jo nevne, sjøl om eg tviler på om nokre av "glans-bloggene" gidder å kikke innom vår blogg. Det er utrolig mykje fint som det vert blogga om på vakre stilfulle blogger. 
Men altså: vi skulle verkeleg vera nyskapande og gå ein heilt annan veg enn alle desse andre.

Så viste det seg at vi sjølvsagt ikkje var særleg nyskapande. Det var faktisk andre enn oss som blogga om kvardagsrot og andre kvardagsfenomen.
O lykke! Det finnes faktisk eit heilt lite univers av bloggarar som kan legges inn i denne kategorien.

Etterkvart er det nesten som ein blir kjent med mange sine medbloggarar. Vi les om kvarandre, om meiningane til kvarandre, og ein legg igjen kommentarer, og ein og annan gang får vi tilbake ein hyggelig kommentar. Og ein referer gjerne til ein medbloggar i samtale med verkelege venner, som om denne medbloggeren også var ein god venn.

Og nokre bloggarar blir faktisk venner! Vi var så heldige å vinne fotografering hos Trine Bjervig, etter at eg vart med på hennar lotteri pga bloggeren Pia! Og bloggeren Pia var så raus at ho i den forbindelse tilbaud oss overnatting når vi skulle til fotografering (siden fotograf Trine held til på Austlandet, det samme landet som Pia, medan vi held til på Vestlandet.) Pia hadde kanskje ikkje rekna med at bloggeren Ingrid m/fam skulle slå til, men det gjorde ho, og resultatet har de sikkert lest litt om både her, her og hos Pia.
Her ser de den lykkelige blogge-familien, fotografert av Trine Bjervig:
Fotograf Trine Bjervig

Eg kan på det varmeste anbefale ein tur innom Trine Bjervig for fotografering! Eg visste ikkje at vi var ein så vakker familie før eg fekk se desse bildene!

Her eit bilde tatt av vår egen fotograf, i studioet til Trine, medan Elise fekk ein skvett med mat:
Fotograf Roald Sundal
Fleire bilder fra Trine Bjervigs fotostudio kjem i morgon! Da følger også ein liten historie om vinudusknusing.