fredag 13. november 2015

Dagpenger og Baksaas

Ein konsekvens av å gå permittert er at ein ikkje lenger får lønn av arbeidsgivar, men ein får dagpengar av NAV. For dei aller fleste vil dette sei ein ganske betydelig reduksjon i inntekta. Slik er det også for meg. Trur eg. Eg har enda ikkje fått noe fra NAV, så det var litt tidlig å sei...men eg antar jo at NAV har eit godt auga til meg og kan avsjå eit par tuenlapper i måneden. Iallfall får eg vel dei 17 kronene eg skulle få pr dag pr unge under 18 år - altså 34 kroner dagen. (hvis eg husker rett?) Så litt får eg vel alltids.
Nå er eg jo ikkje aleine her i landet om å plutselig skulle måtte klare meg med redusert inntekt. For nokre år tilbake husker du kanskje stakkars Ingebrigt Steen Hansen som ikkje hadde råd til å ta pappaperm, da han ville få redusert lønna si med eit parhundretusen i måneden. Stakkar.
I disse dager kan vi lese om Baksaas som må klare seg med usle 250 000,-.
I måndeden.
Eg vurderer å ringe han og spørre om vi to kanskje kan utveksle gode sparetips.

Men for å spe på inntekta må vi tyne litt ut av be barna yte litt også. Eldstemann er ute av redet og lever fett på studielån, så vi kan sjølsagt be om å få låne litt av overskuddet. Nr to har faktisk helge-jobb! Men eg er litt usikker på korleis eg skal få lure fra han  spørre fint om vi kan få låne litt av dei pengene... Minstejenta er under opplæring, og straks klar for arbeidslivet. Ho er så lita at eg antar det skal gå greit å lure fra ho spørre fint om vi kan få låne litt av ho når ho kjem seg i jobb.
Som de ser her - ho er godt kvalifisert for arbeidslivet. Her fotografert under fagprøven i malerfaget. Ho malte senga si i valgfri farge.


1 kommentar:

  1. Hei! Eg skulle hatt malt kjøkenveggane, gi ein lyd viss ho er ledig for oppdrag! Og så kan eg lura deg til å baka litt i mens :-)

    SvarSlett