lørdag 20. november 2010

Handle mat

Er det ikkje heilt utrorlig kor mykje mat ein kan klare å stappe i seg i ein familie?

Ingen i vår familie er nokon storetarar. Likevel handlar vi inn mat som om det budde 10-12 bulimikarar her. Minst. Og det meste av det vi handlar inn klarar vi å stappe i oss. Noko vert likevel kasta, altfor mykje vert kasta, egentlig.
Elise inspiserer ein pakke kjøttdeig
Nå trur eg ikkje vi kastar mykje meir mat enn andre familiar, for vi gjer tapre forsøk på å eta opp restar som på ein eller annan måte finn vegen inn til kjøleskapet. Men gamle brødskalkar er vi dårlige på å ete opp. (Nå når vinteren er her burde vi sjølvsagt i det minste spandert dei på småfuglane!) I tillegg er det sjølvsagt gamle middagsrestar som havnar bakerst i kjøleskapet, og som ikkje dukkar opp før det har lagt seg eit grønt lokk over - og plutselig ser det mindre delikat ut - og dermed blir kasta rett i komposten.
Elise inspiserer bananene
Vi burde blitt mykje flinkare på å ete opp maten vår. Vi bør tenke litt på dei sultne i Afrika (eller Asia) (eller Sør Amerika..) når vi kastar mat. Nå skal vi sjølsagt ikkje sende restane sørover, og håpe dei kjem til nytte nede i eit fattig stråhytte. Men om vi klarar å kaste mindre - og dermed handle inn litt mindre - så bidrar vi kanskje pitte-pittelitt i arbeidet med å fordele verdens matlager. .
Elise er ferdig å inspisere varene. 
Så blir kanskje verda ein betre plass å bu...

Og alle levde lykkelig i alle sine dager. .

3 kommentarer:

  1. Det blir en del handling ja. Og en del kasting...
    Kjolen til Henny er fra Klinkekult. Genseren er fra deg. Og bodyen fra Lindex.

    SvarSlett
  2. Ser ut som inspeksjonen gikk greit allikevel.
    :)

    SvarSlett
  3. Jeg føler det på samme måte.
    Men så er vel ca. halvparten av alt vi kjøper emballasje. Ikke rart det ser mer ut enn det virkelig er....
    Anita

    SvarSlett