søndag 21. november 2010

Fotball, kjendiser, sex og drap

Det er i hovedsak desse 4 emna som vert slått stort opp i dei store nettavisene Dagbladet.no og vg.no.
Eg trur fotball, eller sport generelt, kommer på ein klar førsteplass om ein lagar statistikk på emne. Eg har ingen vitenskapelige bevis, men sitter kun med ein følelse av at dette er ein korrekt antakelse. Videre kommer kjendiser sex og bestialske drap. Og ein del om livsstil. Og litt om eventuelle store og nye katastrofer rundt om i verden.

At pressa (som sikkert ikkje heiter pressa lenger, siden dei ikkje presser....men legger ut på nett...?) kan prioritera på denne måten er egentlig ganske tragisk. Det er ikkje seriøs og djuptpløyande journalistikk i desse nettavisene. Ein må inn på heilt andre nettsider enn vg.no og db.no hvis ein ynskjer å fordjupa seg i andre nyheter enn fotball og sex. Ein annan ting som er litt skremmande er at journalister faktisk skriv om det som folk helst vil lesa om - altså fotball og sex... Litt av grunnen til at journalister skriv om det som folk vil lesa om, er at avisene er avhengig av reklameinntekter- og reklameinntekter heng nøye saman med lesartal. Eigarane, som sikkert sit i London eller i Moskva, eller kva veit nå eg, har null interesse i å driva med djuptpløyande og kritisk journalistikk. Eigarane av avisa ynskjer å tjena pengar. Dermed vert det altså sex, interiør, nakenhet og skjønnhetstips. Innimellom all fotballen.

Lokalpressa har eit heilt anna fokus. Her er det lite sex og drap (heldigvis!) men fortsatt mykje sport. Nå er jo lokalpressa også avhengig av reklameinntekter, og på ein liten plass er det ikkje altfor mange bedrifter som kan vera med og finansiera ei avis. Avisa må altså halda seg inne med lokale bedrifter - og det begrensar omfanget av kritisk journalistikk mot desse bedriftene.

Dermed vert overskriftene: "Uskuldig ekorn nær påkøyrd av råsyklist ved Knastesnutten! Heldigvis gjekk det bra og ekornet sit atter trygt i treet sitt og tygg konglefrø."
Eller: "Storebror angrepen av illsint litlesøster. Han ville ikkje gi ho kjeksen sin, seier veslesystera til sitt forsvar"
Illustrasjonsfoto (Fotograf Roald A. Sundal)

Glupe lesarar har sikkert nå skjønt kva eg vil sei med dette innlegget - så eg orker ikkje utdjupe dette meir. Eg er ingen djuptpløyande journalist, bare ei overfladisk blogger - med eit mislukka  forsøk på å skriva djupt. Men så vart det for seint på kveld, og så var det plutselig deadline - og dette innlegget måtte bare publiserast, utan at denne stakkars bloggaren fekk utdjupa alt det negative ho egentlig ville sei om pressa.

Kanskje ho tar opp at tema ved ein seinare anledning, når ho har fått tenkt litt fleire kloke tankar. Men sånt kan ta tid!

Ha ein fin dag, med eller utan "seriøse" nettaviser!

1 kommentar:

  1. Ja, guri det er er mya av overnevnte i avisene. Jeg blir heilt matt. Lokalavisene er oftest hyggeligere lesestoff. :) Fin dag!

    SvarSlett