mandag 20. september 2010

Mikrofiberkluter og feiring

Det var ein heilt vanlig dag i familien Sundals liv. Ein heilt vanlig dag, som faktisk låg an til å bli i overkant kjedelig.

Plutselig dukka det opp noko spennande! Ein pakke! Ein spennande pakke med fint papir, bånd OG eit dikt!

Elise vart kjempeglad og trudde først at nokon hadde sendt ein litt for tidlig bursdagspresang til ho. Litt skuffa vart ho sjølvsagt då eg sa det var MIN pakke, men då vi opna pakken og såg at det ikkje berre var ein mikrofiberklut oppi, men fire mikrofiberkluter vart ho strålande fornøyd igjen. Då vart det jo ein til kvar av oss (minus fotografen, sjølvsagt, men han kan vel bruke ei av våre gamle filler..?)

Og ikkje berre var det fire mikrofiberkluter, men det var fire mikrofiberkluter i gilde fargar!

Alle i familien vart strålande nøgde (kanskje bortsett fra fotografen som måtte nøye seg med den gamle filla... eller kanskje han og vart nøgd...?) og alle fann sin eigen yndlingsfarge!

Mikrofiberklutane sin inntreden i familien Sundal sitt hus vart feira med ein bedre middag der klutane fekk ei framtredande rolle. Diktet vart proklamert høgt før middagen og det la seg ei høgtideleg steming over forsamlinga.

Og diktet: det kan du lesa her... (på nederste bildet...)
Poetisk, rørande og tåredryppande vakkert!

Alt dette fekk familien oppleva pga mi vinnarlykke i Surresilje sitt blogg-lotteri! Tusen takk snille Silje! (sjøl om eg dermed antakelig er stempla som "desperate housewife"... ;)

8 kommentarer:

  1. Nydelige kluter, som jeg ser kommer godt med! Nydelig familie ved matmordet og nydelig dikt fra Silje!

    SvarSlett
  2. Jeg blir nesten rørt! Og lurer på om kanskje neste gibort bør være poesi-lotteri. Eller kanskje ikke. Håper de kommer godt med ihvertfall!

    SvarSlett
  3. jaja elise... du får venta med presangene te bursdagen din..:)

    SvarSlett
  4. Hehe! Gratulerer. Fint med fest og fargerike "micro-tvåger". Vert vel bilde av skinande vindauge og bad no då?

    SvarSlett
  5. tvåge = fille??
    skinnande vindauge og bad?? Kva har det med desse fillene å gjera..? ;)

    SvarSlett
  6. Du vant igjen ja..det er nå ikke måte på heller.. ;-)
    Kos deg med klutene, regner med å komme til et skinnende og støvfritt hus, om vi nå skulle droppe innom.. ;-)

    SvarSlett
  7. ååå, dere er vel veldig heldige!!

    SvarSlett
  8. Åh du herlige - Hvor mye lykke noen kluter kan bringe inn i en familie. Flotte kluter, da! Surresilje har lagt flid i pakke og dikt. Flinke alle sammen.

    SvarSlett