fredag 10. september 2010

Bøker

For ei tid tilbake fekk eg ei utfordring av HH i Mia i Myra! Ei ære! Etter å ha fulgt bloggen hennes omtrent like lenge som eg har levd i blogg-verden har eg forstått at HH er bibliotekar. Altså: her er ei dame som sitter inne med mykje kunnskap om bøker! Av og til får vi boktips (litt for sjelden egentlig...), og dei gangene eg har funne desse bøkene og lest dei, har eg likt det eg leser.

Vi har mange bøker. Dagens illustrasjonsfoto viser ei av bokhyllene våre. Dette er av den djupe sorten bokhyller, så her er det plass til dobbelt opp med bøker på kvar hylle. Vi har likevel ikkje plass til alle bøkene vi har. Og: nei, eg har ikkje lest alle desse bøkene...

Eg er periode-leser, og har pløyd gjennom mange bøker opp gjennom årene, men med teflonhjernen min er det kun eit fåtall bøker eg husker noko av. Ein fordel med teflonhjerne er at eg kan lese ei bok mange ganger, og bli like overraska kvar gong over korleis ho endar...

Men tilbake til utfordringa. Eg skal svare på 5 spørsmål. Så her er endelig resultatet etter mykje grubling, tenking og mange søvnlause netter:

1 Kva for ei bok les eg akkurat nå?

Dette spørsmålet er hovedårsaken til at eg har brukt litt tid før eg fekk lagt ut dette innlegget. Eg har venta på at eg skulle begynne på ei ny bok, ei som kanskje er litt ukjent, men som likevel er veldig god, godt skrevet, intellektuell, djup og lærerik. Nå har eg ikkje begynt på noko ny bok. Verken ei som er intellektuell og lærerik eller smuss. Men eg syns ikkje eg kunne utsette dette innlegget lenger. Eg leser ikkje nå, men eg høyrer på lydbok! For tida går det i "Syden" av Are Kalvø. Morsomt og lettfattelig. :) Eg var så heldig å få ein MP3 spelar med mange lydbøker på til bursdagen min!
I tillegg til lydboka kunne eg nevnt den boka eg leste i sist, men den har eg nettopp nevnt i eit anna innlegg, her...

2 Kor likar eg best å lesa?

Det må vera i senga og i sofaen på kjøkken.
Når eg leser i senga blir eg så trøtt at eg ganske snart begynner å lese med eit auge. Og eg holder ikkje ut så veldig lenge med dette eine auga... Med mindre det er ei veldig spennande bok. Og bøkene eg leser er sjeldan veldig spennande...
På sofaen er det nok bedre å lesa, men når ein har ungar er det sjeldan ein får anledning til å sette seg ned for å lese ei god bok. Derfor blir det 5-10 minutter på senga på kvelden...

3 Kva for ei bok eg skulle ønske vart filmatisert?

Dustefjerten, av Rune Belsvik...
Eg syns karakterene her var så fantastiske, og skulle gjerne sett dei på film. Men nå er det jo ofte sånn at ein vert skuffa når ein ser filmen etter å ha lest ei god bok. Ein har mange artige og koslige bilder oppe i hodet, som ikkje stemmer overens med det som viser seg på filmlerretet. Så kanskje eg kan vera glad for at den ikkje er filmatisert ennå...? Men eg ville gjerne sett denne filmen om den hadde komt på kino! Og så ville eg håpa på at eg ikkje vart skuffa.

4 Kva er favorittboka mi?

Trur det må vera Sult, av Knut Hamsun. Sjøl om eg bare har lest den ein gang, har eg fortsatt mange bilder oppi hodet mitt av han som går rundt i Oslo og er sulten. Eg leste boka i min ungdom, før eg sjøl vart student, likevel klarte eg å leve meg inn i fortellinga. Han har eit vanskelig språk, men eg leste faktisk alle(!) bøkene hans på den tida, så etterkvart vart det ein vane å lese Hamsuns gammalnorsk og hans litt vanskelige formuleringer. Eg likte egentlig det meste som Hamsun skreiv. Markens grøde er kanskje nummer to på favorittlista mi. Forteller sikkert mykje om meg...eg liker treige bøker der det ikkje nødvendigvis skjer noko som helst... men der forfattaren skriv godt.

5 Er det nokon bøker eg ser fram til å les dei neste månadene.

Skulle gjerne lest ferdig Blekkblod, og etterpå Blekkdød... av Cornelia Funke Eg leste Blekkhjerte for gutane for ei stund sidan, men nå har det blitt liten tid til lesing. Dvs...vi har prioritert feil!
I tillegg står denne boka på ventelista mi:
Alene sammen av Abraham Verghese. Den er anbefalt av, ja, nettopp, ho som kom med denne utfordringen, HH - Mia i myra.

Sånn!
Så var det å sende utfordrina videre...
Kanskje Lilli (Viilhvile), Bergljot (Fjas fra sidelinjen) og -B- (Hummer og kanari) har lyst på ei slik utfordring? Isåfall gleder eg meg til å se kva de leser på! :)

4 kommentarer:

  1. Jeg er snart ferdig med Alene sammen, leste det samme tipset som deg. Ei fengende bok, men får ikke så mye tid til å lese...

    SvarSlett
  2. Jeg er også periodeleser, må rydde plass til det. Du nevner flere bøker jeg ikke har lest, men jeg later som jeg ikke leste det for da blir ventelista mi enda lengre...

    SvarSlett
  3. Hjeeelp :) Ha, ha... jeg har hatt sånn: "NEI, jeg vil ikke ha awarder og tar ikke imot utfordringer" på bloggen min. Helt til i kveld - da tok jeg den bort. Og vips (!!!) Ja, tar utfordringen, men må grunne litt først!
    Deilig helg til dere! Tøyse-familie! (<-- hos oss er "tøys" et kompliment!)

    SvarSlett
  4. Altså, jeg leser når jeg hører lydbok - eller - jeg regner med det som å lese. Og da jeg omsider introduserte lydbok for husbonden, begynte han å "lese" ganske mye han, også. ;o)

    Ser du har samme forholdt til ett-øye- lesing som meg. Det går ei lita stund - og så leser man pluselig ikke mer... :o)

    SvarSlett