torsdag 10. juni 2010

Tre skåler i oppvasken

Dette eit blogginnlegg totalt blotta for mote, sminke, interiørtips, scrappetips, strikke- eller matoppskrifter, mamma-historier eller bloggetips...
Og kva er da vitsen med dette innlegget?? Nei, sei det???
Jo: eg skal fortelle historien om dei tre skålene i vaskekummen!
Det stod tre skåler i vaskekummen. To av dei hadde det vært babymat oppi.
Den tredje trur eg det låg litt frossen fisk oppi, (oppi ein plastpose). OJ så spennande dette blir!
Nå hadde det seg sånn at den største skåla (la oss for enkelhets skuld kalle den for Kjell Georg) og den eine litle skåla (Gullbjørg Halldis) var gode venner. Den tredje skåla (som vi kan kalle Ruth) følte seg einsam og totalt ignorert ilag med Kjell Georg og Gullbjørg Halldis. Ruth prøvde å konversere høflig med Kjell Georg og Gullbjørg Halldis, men vart berre møtt med grynting, og så fortsatte Kjell Georg å vera venn med Gullbjørg Halldis. Til slutt var dei to så gode venner at man heller kan kalle dei kjærester. Da vart stakkars Ruth litt fortvila, for ho hadde lenge hatt eit godt auga til Kjell Georg. Ho visste ikkje kva ho skulle gjera, for i og med at ho berre var ei skål med skittvatn oppi, så kom ho seg ingen veg utan hjelp, og måtte derfor stå der i kummen og sjå på dei to turtelduene. Men langt om lenge kom to snille, følsomme hender og løfta vesle Ruth opp fra kummen, tømde ut skittvatnet og sat ho forsiktig inn i oppvaskmaskinen. Her var det mange fleire skåler, og her var koppar og fat, og mange ville bli venn med Ruth. Da vart Ruth veldig glad, og snipp snapp snute....

Jadda...
Likte du denne historien?? Trur ikkje eg skal bli eventyr- eller barnebokforfatter. Har prøvd meg før på ein liknande historie, med lite hell...

Forresten: Tingene våre fekk ein utfordring av Elisabeth i Innerst i veien. Vi skulle vise det tiende bildet ein publiserte i bloggen vår. Det er dette:

Måtte lage det litt lite i håp om at folk vil overse det. Ikkje det beste bildet på denne bloggen. Innlegget kan du lese her hvis du vil.
Så skal eg sende utfordringa videre....

5 kommentarer:

  1. Morn til deg;-) Har akkurat latt meg utfordre på dette, men takk likevel for at du tenkt på meg;-)

    SvarSlett
  2. Ja ja..det kan fort bli litt mykje utfordringer/awarder... ;)

    SvarSlett
  3. Oj, så stas! Skal ta utfordringen imorra!

    SvarSlett
  4. Kartongene var i alle fall mer spennende enn mitt kritthvite skoskap. ☺

    SvarSlett
  5. Flott at du brukte de enkle navnene Kjell Georg og Gullbjørg Halldis. Jeg ville ha korta dte ned til Gullbjørg H. Og dumt det ikke kom sminketips. Det er eneste grunnen til at jeg stikker innom.

    SvarSlett