lørdag 12. juni 2010

Sy ein flamencokjole!

Ingrid har sydd seg ein Flamencokjole! Prosessen og resultatet ser du her:
Nå var det kanskje ikkje snakk om å sy kjole...men heller å fikse litt på ein genser og eit skjørt..
Eit stykk blondestoff vart klippa opp i remser og sydd på ermene på genseren. (Sydd for hånd! Berre eit lite stykke revna opp allerede tidlig på kvelden....)

Enda fleire blonderemser vart klippa opp, og sydd sammen til ei lang blonderemse. Så vart eit gammalt skjørt ofra- eg klipte ein lang splitt i sida. Deretter vart den laaaange blonderemsa festa, rynkete, langs splitten og nedre kant av skjørtet, med ca 1000 nåler. Litt av ein jobb for ein amatør som meg.
Så var det til å sy. Med symaskin! Etter å ha sydd ned eine sida på splitten oppdaga eg at sømmen kom på utsida... AMATØR! ...men dette vart vurdert som OK - faktisk såg det ganske fint ut (syns eg - for eg orka ikkje sprette det opp igjen), og eg fortsatte med godt mot, fortsatt med sømmen på utsida. Resultatet vart bra! Bare ein plass hadde eg sydd fast ein brett - og det var så lite at det ikkje syntes. ...så veldig godt iallfal.
Så var det på med lånt parykk og diverse smykker, og mammo var klar for spansk aften/rebusløp med jobben!

...dvs: først gjera klar litt melk til litle Elise, og gi siste instrukser til "barnepasseren" (også kalla pappa) - før eg med tungt hjerte forlot familien til fordel for firmafest.
Det tunge hjertet vart heldigvis snart lett igjen, og eg hadde ein fantastisk kveld!

6 kommentarer:

  1. Jeg er dypt imponert! Hva du får til, med dine egne små hender. Vil anta at du var en suksess i den kjolen. God helg;-)

    SvarSlett
  2. Kult! Og veldig nyttigg innlegg for meg. Jeg skal nemlig snart på fest med temaet "latino". Kommer et innlegg om det..

    SvarSlett
  3. Der var symaskina, ja! Snasen outfit! Lekker senorita!

    SvarSlett
  4. He-he, imponerende. Ikke minst kombinasjonen flamenco og tåteflaske. :-)

    SvarSlett
  5. Næh! Syns du var råflott! Det kjipeste som fins, er når folk ikke tar utfordringa og kommer kledd helt vanlig på sånne temafester.

    SvarSlett
  6. Rett og slett lekkert Ingrid !!!!
    Kjøpte fullt flamencoutstyr til Malene i Spania i vinter - den vesle blonde senoritaen dukker opp rett som det er her i huset !!!

    SvarSlett