torsdag 3. juni 2010

Om deling av aloe vera og blogging

Av og til får eg lyst på ein blogg heilt for meg sjøl...
Denne bloggen er som nevnt tidlegare, eit samarbeid mellom meg og min kjære mann. Han tar bildene. F.eks dette bildet, av aloe vera-plantene våre som vokser som ugress og må deles og pottes om kvart år. Kva skal eg skriva om aloe vera-planter? Kanskje eg i dag heller kunne tenkt meg å skriva om kaldt sommervær. Om ei blid lita jente, som akkurat i dag er litt grinete. Eller musikk. Kanskje eg ville skriva om ein deilig middagsrett av kylling, fløyte og pasta. Og eg kunne skriva om Israel (eller...kanskje eg bør styra unna politikk, uansett...). Men i dag må eg altså forholde meg til desse aloe vera'ene. Som i vinter har stått einsame nede i kjellaren utan så mykje som ein dråpe vatn. Likevel lever dei ennå! Og etter litt pleie og omsorg, og litt vatn av og til, så vil dei nok strutta av liv igjen, og fortsetta å formera seg. Aloe vera, som er det einaste som overlever i dette huset, bortsett fra ein monsterplante som vokser rundt om i heile stova. (Den bør komme med på bloggen her, Roald! Så kan eg skrive kva eg meinar om den...) Men nå må eg skrive om Aloe vera... Som er ei plante som eg ikkje har sterke følelsar for. God å ha når vi får brannsår. ...men så får vi kjøpt aloe-vera-salver som er minst like gode...
Men det eg kan seie er at det er kvalitet over bildene som Roald tar, sjøl om innhaldet i dei av og til kan vera vanskelige å skriva blogginnlegg om. Og eg kan reklamera litt, for han har ei lita salgsutstilling i søstera sin vesle keramikk-butikk i Bergen. Butikken er vel verdt eit besøk, både pga bildene, søstera sin kjempefine keramikk, og smykkene som ho også sel i den vesle butikken.
...men altså: kva i all verden skal eg skriva om aloe vera?? Men det er jo litt spennande både for meg og for Roald kva eg skal finne på å skrive om alle bildene han tar. Eg må vri dei to hjernecellene som ligg og skvulpar der oppe mellom øyrene mine, og av og til kjem det noko "vettug" ut og av og til berre "rølp". Kjekt er det uansett, og eg fortsetter nok denne "jobben" ei stund til.
Ha ein fin dag!

1 kommentar:

  1. Aha, han bestemmer alle temaer ved rett å slett bestemme foto. Det var jo også en arbeidsfordeling...Hadde forresten vært en morsom øvelse/konkurranse. Sende bilder til andre som de skulle sette tekst til...men da hadde jo du blitt arbeidsledig, da. :-)

    SvarSlett