torsdag 24. juni 2010

Jonsokbål, brannfare og smikka

Jonsokbålet vart tent i går, etter nokre runder med sikkerhetssjekk. Det var tørt, og litt risikabelt å tenne på. Men heldigvis var det vindstille. Og ein annan faktor som var med på å påvirke til tenning av bål var smikka (eller knott, eller små-mygg)
Nå var det heldigvis sol og fint i gårkveld, men så kom eit lett skydekke, og dermed kom eit ikkje fullt så lett skydekke med smikka flygande inn i folkemengden og forsynte seg rikelig av oss. Dermed var det ingen annan utveg enn å tenne jonsokbål, og så stille seg midt i røyken og varmen fra bålet. Dermed slapp ein unna smikka... Ein vart istedenfor røykforgifta og fekk svidd av augnebryn, men slikt høyrer jo med til jonsok.
Sammen med svartsvidde pølser og klissete marshmallow i håret...

Og alle var enige i at det hadde vært ein fin kveld!

3 kommentarer:

  1. Knott er jææævli plagsomt! Men eg har aldri høyrt at knotten vert kalla smikka....???

    SvarSlett
  2. Det var da litt av et bål! Her hadde vi grillfest med naboer - kjekt det og.

    SvarSlett
  3. Smikka har di på Fjelberg og.

    SvarSlett