torsdag 27. mai 2010

Trøstesuppe

Av og til går livet i motbakke. Da er det godt å ty til trøstsuppe! Nokon som har prøvd det ein sein kveld når alt virker trist og livet er utan meining? Ikkje?
Nei da er det på tide! Oppskrifta finn du her(og det er Roald som har forfatta denne):

Trøstesuppa.Til minne om Jens Bjørnebo.


Nok til to

Trøstesuppe blir som regel fortært seint på kvelden, når ungane har lagt seg og

ein er sliten og treng litt trøstespising.

Suppa blir laga etter det som er i kjøleskapet. Men nudlar og grønsaker er alltid

med i mi oppskrift.

-Bacon i terninger, brun i litt olje.

-siste resten av ein purreløk. skjert i tynne ringar

-1/2 persillerot skåret i tynne stavar (tilfeldig at denne var i kjøleskapet. Gulerot,

selleri er også bra)

-1/4 sommarkål(nykål) snitta fint opp.

-1 tomat i fine båtar.

-1/2 til 1 pakke med nudlar

-1 ts ketschup og 1 ts tomarpurè

-1 terning kyllingbuljong

nykverna pepar


Etter at bacon er bruna, tilsett purre, persillerota og kålen. La det fresa i eitt

minutt. Tilsett 1/2 til 1l vatn. La alt koka saman i ca 5min. Tomatene blir tilsett det

siste minuttet.

Nyt suppa og livet blir lettare å leva for ei stund.



Trøstesuppa til Jens Bjørnebo.

I orginalversjonen er dette ei fiskesuppe frå Napoli.

På seksti-talet var Jens Bjørnebo i skriveeksil på øya Ischia utanfor Napoli.

Han skulle skriva roman og følte nok prestasjonsangsten. Store doser med

italiensk raudvin måtte til for å smøra tynnslitte nerver.

I tillegg var han forelska i ei lokal jente, Monica. Då skjønar me at han måtte laga

seg ei trøstesuppa «den lastefulle fiskesuppe». Eller som han skriver:

«det eneste som hjelper er den store himmelske napolitanske fiskesuppe. Min

trøstesuppe, som jeg lager selv».

Har prøvd å laga ei oppskift ut i frå teksten til Bjørnebo. Den er som følger:

«Den lastefulle fiskesuppe»

-fisk av ulike slag. Bjørnebo nevner ulke, pir (liten makrell) og hvitting (kviting på

vestlandet). i tilligg reker, blåskjell, blekksprut, sjøkreps og languster. Eller som

han seier, «hva man måtte ha for hånden»

I tillegg:

-olivenolje (i mengder)

-kvitlauk (i hemningslause mengder)

-persille (fleire buntar)

-salvie (ein del)

-basilikum (ein god porsjon)

-tomater (ei tilsvarande mengde som alt det andre)

Steik reker og kvitlauk raskt i olja. Ta det opp.

Bland urter og tomater i gryta. Dette kokes saman til ein tjukk tomatsaus.

Legg sjømaten oppå tomatsausen og fyll på med kvitvin til det dekker.

La det trekke lenge og spe på med meir vin. Suppa skal bli tjukk.

Serveres varm og slik at fisk, reker og skalldyr blir rettferdig fordelt (B. var ein

god kommunist). Til slutt seier han dette om maten;

«Jeg skulle se den sorg, som ikke drukner. Den er bedre enn vår barndoms

sagosuppe»

Han anbefaler til dessert nyplukka druer med brennevin, men det kan me ta ein

annan gong.

Jens Bjørnebo. Samlede essays. Gyldendal norsk forlag.

2 kommentarer:

  1. Skulle hatt litt trøst nå, men det er muligens litt tidlig på dagen?

    SvarSlett
  2. Takk for trøstfull oppskrift!

    SvarSlett