torsdag 6. mai 2010

Sparkjøp og klestørk

Sparkjøp er ein utrolig kjekk butikk! Her har dei alt mulig kjekt, og billig er det. F.eks: korleis har eg klart meg eit langt liv utan denne småvaskhengaren? Frå no av vert det nok slutt på einslege sokkar her i huset! Nå skal det verta orden i sakene! ...ein av kvar sokk på dette bildet, seier du..? Ja...jo...ok, så er det fortsatt vaskemaskinen sin feil at det forsvinn sokker... Men uansett: dei sokkene som kjem seg heilskinna gjennom vaskemaskinen skal nå pent og pyntelig få henge på denne kjekke litle saken her, kjøpt på Sparkjøp.
Og dei har mykje anna kjekt der! F.eks smikke med armer! Denne geniale oppfinnelsen vart eg tipsa om på barselgruppa. Eg antar at det er litt av vitsen med barselgrupper, at vi skal snappe opp lure ideer rundt dette med baby av kvarandre? Og diskutere bleier og konsistens og farge på bæsj slik at vi slipper å snakke om slikt til folk som ikkje har baby. Folk uten baby (det kan godt være folk som nettopp har hatt baby, men som altså nå er ferdig med denslags) begynner veldig ofte å vri seg, kvele ein gjesp, sende sms'er, plukke navlelo, himle med augene o.l....når ein snakkar om om bleier, og det som ofte ligg oppi bleia. Derfor er det like lurt å spare dei for denslags, og heller få det ut på barselgruppa.
Den eine sokken som heng på den smarte småvaskhengaren er forresten ein Leeds-sokk(Leeds er eit fotballag som hadde sin storhetstid når eg var ung, og det er lenge siden!). Og det er litle Elise sin sokk. Ho er allerede dømt til å bli Leedssupportar fordi både faren og begge brødrene er ivrige Leeds-fan.
(Til opplysning så har vi fortsatt kontroll på begge Leeds-sokkane.)
Ha ein fin dag!

3 kommentarer:

  1. Kjekt stativ det der! Spar-Kjøp skal ein ikkje fnysa av, har mykje godt i ull òg der, og bombesikre bikiniar til dømes ;) Ha ein fin dag!

    SvarSlett
  2. Genialt stativ ja, vi har slitt ut noen sånne. Man kan stå inne, godt og varmt, og henge opp klær. Men sokkene forsvinner som før..

    SvarSlett
  3. Jeg vil også ha Spar-Kjøp i nærheten!! Og et sokkestativ. Og orden på sokkene. :-)

    SvarSlett