lørdag 17. april 2010

Vulkanutbrudd

Enkelte lesarar var kanskje så uheldige å få med seg gårsdagens litle eventyr om Gulrotskrell... Beklager, håper ikkje dette gjentar seg så altfor ofte.
Eg kan ikkje unnskylde meg med anna enn at eg må ha vært svært trøtt. Eller er det muligens den mykje omtala askeskya som har lurt seg inn i huset vårt via diverse ventilasjonsluker, og deretter skapa trøbbel og laber hjerneaktivitet hos tekstforfatteren...? Skal heretter vera forsiktig og halda meg innandørs med alle vindu, dører og ventiler godt lukka til faren for meir askestøv er borte. I mellomtida får ein finne på forskjelligt å fordrive tida med innandørs. Som her. Framfor TV'en. Men ikkje passiv i godstolen med fjernkonrollen i venstrehanda (ja, eg er venstrehendt, eller keivhendt som vi seier) og eit sløvt blikk bort på eit tanketomt realityshow. Neida, ikkje denne jenta! Her går det i TRIM! Med wii fit plus, eit balansebrett og eit par fjernkontroller i hendene (ikkje fjernkontroller, men remote og nunchuk...heiter det på ordentlig....trur eg...-på bildet har eg kun remote'n).
Sjekk stilen! (Eg berre elskar å sjå bilder av meg sjøl!)
Dette er trim på høgt nivå. Det som er kjekt med wii'en er at den gir beskjed kor mange kalorier eg forbrenner etterkvart som eg gjennomfører forskjellige øvelsar eller spel. Og så reknar den det om til kor mykje sjokolade eller eple eg då kan eta. Det dumme med wii'en er at den reknar ut skuffande lite sjokolade som eg kan eta etter noko som eg vil definera som god innsats. Men heldigvis passar den ikkje på kor mykje sjokolade eg faktisk stappar i meg etterpå.....bortsett frå at den avslører meg med badevekt-funksjonen sin....
Ha ein fin dag, og sjå opp for vulkanstøv!

2 kommentarer:

  1. He-he..utrolig bra. Er det skihopp du øver på her?
    Må visst få meg en sånn dings..hadde ikke hørt om det en gang, totalt akterutseilt på dette området.
    Likte ellers historien om gulrotskrellet godt jeg, og bildene tar seg helt klart bedre ut på svart bakgrunn.

    SvarSlett
  2. Det kunne vært skihopp :) Men eg trur eg var fult konsentrert om eit eller anna balansespel...
    Må få deg ein sånn dings ja. Ulempen med den er at den holder kontroll på BMI'en, som sakte og sikkert går opp....

    SvarSlett