mandag 12. april 2010

Vår!

Påsken er over, men påskeliljene står i hagen og struttar av liv. Ei lita påskelilje har fått koma inn i stova og, sjøl om eg ikkje trur den set spesielt stor pris på det.
Det er definitivt vår ute. Sola varmar, og det spirer og gror overalt, og fuglane er frå seg av begeistring og kvitrar så høgt og mykje at ein mest kan bli gal, men det vert ein ikkje, for det er jo så vakkert å høyra på. Stort sett. Ikkje alle fuglane har fått utdelt like vakker røyst, men vi kan vel ikkje klaga, for vi har kanskje ikkje like vakker røyst alle vi som ikkje tilhører fuglerasen heller, som våryre spring rundt i hagane våre og syng våren inn.
Nå skal eg ikkje skriva meir om våren her, berre henvisa til ein annan blogg som eg likte utruleg godt: "På jakt etter våren"
Ha ein fin dag!

1 kommentar:

  1. Tusen takk for herleg kommentar frå deg! Det hjelp med litt bekreftelse frå andre blogge-damer når blogge-ånda er litt svak. Hihi!
    Eg elskar bloggen dykkar og bildene som mannen din tar :)
    Snakkis på torsdag!

    SvarSlett