tirsdag 13. april 2010

Fjellsko som har sett betre dagar

Observante lesarar har kanskje fått med seg at sida vår har endra farge og bittelitt på layouten dei siste dagane. Sida var kvit, og har nå altså blitt svart!
Dette har skjedd etter innspel får fotografen. Han meinta at bileta hans gjorde seg betre på svart bakgrunn. Dermed måtte eg endre bakgrunnsfarge. Det er jo ingen heksekunst, så det fekk eg til. Lett! (Litt sjølgod ja...)
Men han gav seg ikkje med det, for etterpå pirka han på andre ting som han meinte burde endrast. Berre småpirk, men komplisert for vesle meg å få det til. Men eg har fått for meg at eg skal læra meg litt HTML og CSS, så eg har brukt kvelden på å leite på nett (har funne denne kjekke nettsida om bl.a. html: www.html.dk) og på andre sine nettsider, og eg fekk det til! Men då var plutseleg skriftstørrelsen blitt litt mindre, og vanskeleg å lesa. Eg hadde jo ikkje gjort noko med skriftstørrelsen!? Etter intense studier og prøving og feiling fant eg ein måte å forstørre skrifta på, og nå får det bli sånn.
Det er ofte det som skjer når eg prøver meg på html, at det skjer ting som eg ikkje trudde skulle skje.... Og veldig ofte når eg prøver å endra noko, så skjer det slett ingenting... Men spennande er det! Og litt har eg sikkert lært...







Og det var her eg skulle ha laga ein morsom liten overgang til desse slitte skoa...men det fekk eg ikkje til...brukte for mykje tid på html i kveld...
Men sjå kor tøft bildet er! Spesielt med den svarte bakgrunnen :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar