lørdag 10. april 2010

Kattamat

Vi har to kattar. Gulle og Selma. Gulle heiter Gulle, og ikkje Gullet. Det har gutane bestemt, og sånn er det.

Dei får fin og dyr mat kjøpt på dyrebutikken på Leirvik. (Der fekk vi også boksen til å ha kattematen oppi, med hundemotiv...!)
Dei spiser pliktskyldig av maten sin. Eller kanskje dei spiser den fordi dei ikkje har noko valg. Helst det siste tenker eg. Dei har ennå ikkje vist særleg stor begeistring for maten vi tilbyr. Vi har prøvd dei fleste sortane som finnes i butikken, og det er ikkje få! Det finnes kattemat for einkvar katt; utekattar, innekattar, kattar som er litt ute og litt inne, steriliserte/kastrerte kattar, langhåra kattar, korthåra kattar, kresne kattar, rasekattar (og her finnes kanskje mange sorter, men i og med at vi ikkje har rasekattar så har vi ikkje prøvd den type kattemat), kattar med magebesvær, slanke kattar, feite kattar m.m. Dersom kattane har vist litt større begeistring for ein type kattemat, og vi er så syndige og kjøper samme sorten igjen, da kan du vera sikker på at kattane har blitt lei av den sorten, og kastar bebreidande blikk på oss, matmor og matfar- for at vi kunne finna på å kjøpa den der kjedelige maten enda ein gang.
Men av og til sper dei nok på kosten med ein og annan fugl eller mus. Nå på våren fråtsar dei i fuglungar. Makabert, men sånn er livet.
Det som er mest makabert med den fritidssysselen er at dei på død og liv skal dra byttet sitt inn i huset vårt. Uansett om det er dødt eller ikkje. Gutane våre har etterkvart blitt gode på å fanga fuglar som kattane har tatt levande med seg inn, og sleppe dei ut i det fri - og samtidig passe på at katten ikkje fangar fuglen før den har komt såpass til hektene at den klarer å fly sin veg igjen.
Jakten på fuglar og mus er nok ikkje i hovudsak meint som matauk. Dei leikar med byttet sitt heilt til det ikkje er meir liv i det, og da - hvis det ikkje var ein spesielt velsmakande delikatesse - forlet katten byttet sitt, for det spreller ikkje lenger, og er derfor ikkje kjekt å leika med. Evt drar dei det døde byttet med seg inn, for å stolt visa det fram til oss mennesker ho bur hos.
Her er ulempen med katteluke. Dei kan dra inn kva dei vil, kva tid dei vil. Hadde eg vært oppfinnar skulle eg funne opp ei luke som ikkje opna seg når katten hadde noko i kjeften. Kan det la seg gjera?
Uansett: ha ein fin lørdag!

3 kommentarer:

  1. Har dere prøvd Perfect fit? Hvit pose som selges på vanlige matbutikker, det er vår katt sin desiderte favoritt, og hun er ganske kresen.(har en variant for sofaløver..med tanke på hengemagen satset vi på den)Bløtmat på boks slikker hun bare sausen av, og det meste av tørrfor vil hun ikke ha, men denne har hun spist nå i minst et år uten å gå lei. Katter er nesten verre enn unger når det gjelder å bli kresne, fatter ikke hvordan de blir sånn..

    SvarSlett
  2. Får kanskje prøve Perfect fit da :)
    Bløt mat er ingen suksess her i huset heller. Me kjøper bløt luksusmat på boks, til jul og bursdager, men dei vil ikkje har det...

    SvarSlett
  3. Å, akkurat sånn har vi det og! Katten drar inn mus og fugler gjennom katteluka. "Greit" nok hvis de er døde, ikke så morsomt hvis de er i live og katten skal "leke"....Forferdelig...jeg aner jo ikke hva jeg skal gjøre, tør verken å ta fuglen/musa eller katten....

    SvarSlett