fredag 9. april 2010

Golvvask

Roald har tatt bilde av ei vaskebøtte!
Passar fint sidan det er fredag i dag, - dagen for den store helgevasken! Iallfall for ivrige husmødre/-fedre.
Eg var overivrig og vaska badet og støvsugde det meste av huset allerede i går. Men eg vaska ikkje golvet (jo, på badet, men ikkje i resten av huset). Dette bildet er tatt for eit par veker sidan. Sist eg vaska golv...
Vi har eit golv som er overflatebehandla med olje, og då er det eingang sånn at det ikkje skal vaskast så ofte... Passar oss utmerket! Men desto tyngre å vaske dei få gangene vi gjer det. Og så skittent vatn vi får! Antakelig betyr det at vi bør vaske oftare...
Støvsugaren blir jo dradd fram i ny og ne. Sikkert litt for sjeldan det og... Og så har vi kost og feiebrett som blir brukt til det grøvste...
Nå må vi bli litt flinkare på både vasking og støvsuging, når litle Elise snart kravlar rundtom på heile golvet. Vi vil helst ikkje at ho skal gjera seg feit på hybelkaniner. Trur ikkje det er sunt i lengda.
Eg nevnte at eg var litt overivrig i går med hensyn til helgevask. Det er kun vask av do, skifte av sengklær, og evt generell støvtørking som gjenstår. Problemet er at eg er så nøgd med det som alt er gjort! Så nøgd at eg med god samvit kan ta det litt rolig med resten...
...og å ta det rolig er eg god på! Så god at resten av helgevasken heilt sikkert går i vasken...ha ha....
Det er meldt om strålande vær her i Dåfjorden til helga, og da er det bare å halda seg ute og nyta det, og kanskje opparbeida seg ei fregne eller to! Så kan eg kanskje ta resten av helgevasken neste helg...

2 kommentarer:

  1. Hmmm, den store helgevasken? Den tar vi neste helg, tro jeg. Eller helga etter det...
    God helg!

    SvarSlett
  2. Har aldri skjønt hvorfor man skal plage seg selv med vasking når det endelig blir helg.. ;-)

    SvarSlett