lørdag 24. april 2010

Heimalaga pasta

Har du plutselig mykje tid til overs, og har lyst på god pasta - då vil eg anbefala deg å laga pastaen sjøl. Spesielt hvis du i tillegg er utstyrt med ein pastamaskin. Og kven er vel ikkje det?
Vi skal ikkje skryte på oss at vi lagar pasta ofte. Det er relativt enkelt å få tak i tørka pasta i butikken, - veldig billig er det og. Men så er det jo litt kjekt med det som er heimalaga, og mykje bedre!

Gutane hadde tålmodighet til å bli med å lage ei remse med pasta, og egentlig var det like greit, for eg syns det var veldig kjekt sjøl! Det er ein god følelse å stå slik og rulle og brette og rulle igjen, til deigen er smidig og fin og glatt. Og så kan vi lage den så tynn vi bare vil utan at den går i stykker.
Etter omstendlig rulling og bretting og rulling og bretting av pasta-deigen, og deigen har blitt til lange, tynne remser, då skal remsene henge ei lita stund til tørk. Som du ser av siste bilde, vart våre remser hengt opp ved det vindauga som har blitt presentert ved eit par anledninger tidlegare...framleis med juleenglar og hjerter...



Pastaen vart denne gangen brukt til lasagne. Nam!

Og så tenker eg kvar gong eg har laga pasta, at dette må vi gjera mykje oftare! Så pakkar eg ned pastamaskinen...langt inn i eit skap, og så går det nokre år...

1 kommentar:

  1. Stas med sjølmekka pasta. Vi får nøye oss med den fra butikken...Du rakk lotteriet, trekker senere i dag - og velkommen som følger. ☺

    SvarSlett