fredag 23. april 2010

2 liters melkekartonger

Nokon i slekta har tatt vare på ein gamal melkekartong, og denne kartongen har havna på kjøkkenhylla vår. Kvifor nokon har tatt vare på denne kartongen kan ein kanskje spekulera på, men nå har den blitt tatt vare på såpass lenge at vi syns vi må fortsette å ta vare på den. Melkekartongen er frå Bergensmeieriet, som nå sikkert er ein del av Tine. Eg kan ikkje hugsa at melkekartongane såg slik ut då eg var lita, men så fekk vel heller ikkje vi melk frå Bergensmeieriet der eg vaks opp...
Det er ein 2 liters-kartong, med H-melk! Det er ein fin størrelse for oss med ein melkoholikar i familien. Trist at ikkje ein ikkje får tak i den størrelsen lenger. Men "før i tida" var det 2-litarar som var tingen. Då drakk nok folk mykje meir melk enn ein gjer no. Men det kan jo og henda at melka holdt seg lenger før, evt at folk ikkje brydde seg om litt klumpar i melka, eller at den kanskje smakte ein anelse surt...? Melka hadde iallfall ingen datostempling, så ein slapp å bekymre seg for å drikke opp melka før den gjekk ut på dato. Det var berre om å gjera å drikka opp melka medan den ennå gjekk an å helle ut av kartongen. Når dei måtte bruke skei og slikkepott for å få den ut, da var den best til å bruke i sausen...

1 kommentar:

  1. Den melkekartongen kan jeg ikke minnes...(og nå hørtes jeg veeeldig gammel ut...)
    Før i tida drakk vi bare H-melk, hele gjengen. Nå smaker det fløte.
    Ha ei flott helg!

    SvarSlett