torsdag 22. april 2010

Ei seng

Ei seng frister veldig nå, etter ein dag på jobb. Første dag på 7 månader. Og siste for ei stund, håper eg...
Ikkje at det var så ille på jobb, det var faktisk veldig kjekt å vera på jobb igjen! Men tross alt...enda kjekkere å vera heime. På denne tida av året.
Så nå tar eg helg!

Av dette bildet ser eg at eg ein vakker dag må begynne å re opp sengene i huset...evt gjennomføre eit obligatorisk re-opp-senga-di-kurs for alle familiemedlemmene, kanskje? Eller kanskje ikkje...? Eg googla nettopp "re opp senga"...(fordi eg lurte på om eg kunne skrive reie opp...på nynorsk...fant ikkje ut av det, så eg skreiv re opp...som dei mest oppvakte lesarane sikkert fekk med seg)
MEN når eg googla "re opp senga" fant eg denne artikkelen her. (Klikk på her så kommer du til artikkelen- som er ein gammal artikkel, men sikkert like aktuell)
Då kan vi med god samvittighet fortsatt forlate sengene på denne måten, heilt til forskarane finn ut noko anna.
God helg!

2 kommentarer:

  1. Fantastisk! Enda et bevis på at disse ordensmenneskene tar feil med all denne ryddingen sin. Takk for den!! :-)
    En dag på jobb høres akkurat passelig ut, man skal ikke overdrive heller.

    SvarSlett
  2. Var veldig ok med kun ein dag på jobb. Skulle kanskje bare fortsatt med det :) 20% stilling er nett passelig..

    SvarSlett