onsdag 21. april 2010

ting på vasken

Og her presenteres: tingene-våre- som-står-på-vasken!
Ytterst til venstre har vi den tradisjonelle Lano-såpa (dvs ikkje den mest tradisjonelle kanskje, men den tyntflytande sorten som på magisk vis vert omgjort til skum når det kjem ut av tuten). Ved siden av lanoen står såper som er produsert på Fitjar. Dei er presentert før, men kan heilt sikkert presenterast igjen: nederst står ei såpe som liknar på ein brunost (pakka inn i plast - fordi gutungen ikkje var så glad i lukta...) -det er ei ansiktssåpe frå Fitjar Såpekokeri. Fitjar såpekokeri har eigen heimeside som du finn her og eigen blogg som du kan finner her. Dei lagar mange gode såper - ikkje la deg skremme av at denne er pakka inn i plast pga lukta!
Oppå denne såpa ligg restane av ei såpe laga av ei venninne av meg. Det er ei såpe med deilig duft av jul som nå, sidan jula omsider er heilt slutt, er bytta ut med ei deilig sitrus-luktande såpe laga av den samme venninna mi. (og ho har også blogg, som du kan lese her)
Vidare har vi hårvoks av merke Renati (gutane sin...) Den treng ingen kommentar utover det at dei har oppdaga at det ikkje er lurt å ta voks i håret med våte hender, for da vert voksen liggande i klumpar i håret, og det ser ikkje så lurt ut.
Så har vi krana, eller blandebatteriet. Det er ein litt stilig sak syns eg, av merket Garbo, FM Mattsson. Og ved siden av ligg den dingsen som ein stenger igjen sluken med (kalles vanligvis ein propp(?) men denne dingsen passer ikkje benevnelsen propp, syns eg...men kva skal ein då kalle den?
Ved siden av den dingsen står eit tomatpure-glas med eit eller anna oppi. Dette eit-eller-anna er nå tømt ut og tomtapure-glaset er fjerna, men det tok litt tid før det vart gjort, for kanskje det var noko viktig oppi dette glaset- eit eksperiment som ungane hadde i leksa e.l...men nå er det altså vekke, og ingen har spurt etter det, så da var det nok ikkje noko veldig viktig oppi der.
Så har vi ei vannflaske som eldstemann brukar når han skal skylle munnen etter tannpuss, og til slutt ein tannkost!
Ha ein fin onsdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar