mandag 19. april 2010

Ertersuppe

Som om det ikkje var ille nok frå før av, med vulkansk aske og den intense lukta av vulkan som veltar inn over oss: nå har vi spist ertersuppe! Og ikkje bare ertersuppe, men også reste-ertersuppe...

Fotografen, som ikkje bare er ein dyktig fotograf, er også ein framifrå kokk! Ertersuppe er ein god gamal rett som kanskje ikkje er så vanleg rundtom i landet lenger. Dette bør vi gjera noko med! Kanskje starte folkeaksjonen for ertersuppe? Dersom du fekk veldig lyst på ertersuppe nå, så finn du oppskrifta ved å klikke på dette ordet: ertersuppe!

Men det eg ville fram til, med innledninga i dette innlegget: ertersuppe skapar visse reaksjonar i mage-/tarmsystemet som kan vera uheldige for økosystemet. Eller i det minste for det umiddelbare nærmiljøet. Noko som sikkert kan forklare kvifor folk har gått lange omvegar forbi huset vårt i det siste. Det einaste besøket vi har hatt er frå Fitjar, men der har bøndene begynt våronna, så dei er immune mot alle slags lukter vil eg tru. Nå står det kun ein liten rest av suppa att i kjøleskapet, og den vert sikkert fortært i løpet av dagen, så om berre få dagar vil ting betra seg. Men så har vi jo denne vulkanen og dei luktene den gir frå seg...
...forresten...

....kanskje på tide at denne bloggen finn noko anna å skrive om enn vulkanen?
Joda, det er eg ganske einig i. Dette innlegget burde f.eks handla om griseknokar! Det er jo mykje å skriva om griseknokar. Ein kan laga mange bloggar bare om grisaknokar.
Men eg valgte altså å fokusera på vulkanen...som er så mykje omtala nå at folk spyr når dei høyrer ordet Eyjafjallajökull. Har de forresten høyrt korleis dette uttales??



Se videoen under her:


Dei neste innlegga skal ikkje ta for seg vulkanar. (Med mindre Hekla våkner til live...!) Ha ein fin mandag, med eller utan ertersuppe og vulkanstøv!

3 kommentarer:

  1. Hekla og ja..trodde det var Katla de var mest redd for nå, men de har jo enda flere der oppe... Tror nok de koser seg litt nå islendingene (selv om de selv bader i aske) når de ser hvordan de effektivt har klart å stoppe flytrafikken i hele Europa.

    Den eneste lukten vi kjente i går var den deilige lukten av nystekt kringle og muffins, smakte godt gjorde det og! :-)

    SvarSlett
  2. Katla var det kanskje ja...?? ;)

    SvarSlett
  3. ;-) eg vil gjerne lesa meir om vulkanar! Artig blogg.

    SvarSlett