søndag 18. april 2010

Askepott...

...eller askepoter, som pusen får nå, etter at ho rusla rundt på aska som fall her utanfor huset vårt, etter vukanutbruddet på Eyjafjallajökull. For det må jo vera aske? Ei stund lurte eg litt på om det kunne vera snø, men det er jo plussgrader ute, og snart VÅR...så det MÅ jo vera aske?

Og i dag, sånn midt i aske-fallet, oppdaga eg til min store overraskelse at eg har fått ein award! Av PIA!! Juhu!! Dette er stort! Pia har vært på TV! (Ok, så innrømmer ho at det kun var i 2 minutter, men likevel, ...på TV! På NRK!)
Og kva i all verden er ein award? Eg skal forske litt på det, og komme tilbake på det, for eg har fått forståelsen av at det er noko eg må gjera, utover det å motta awarden? Men stolt er eg iallfall! Og sånn som det varma på ein ellers kald og, til tider, grå vårdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar