onsdag 5. mai 2010

Eit par bukser og enda ein award!

Slike bilde kan lett dukke opp på ein blogg som har mannleg fotograf.

Som tidlegare nevnt er denne bloggen eit samarbeid mellom hr og fru Sundal. Roald har i mange år brukt mykje tid og energi (og penger...) på foto, og fruen (eg..) har nok ikkje alltid hatt like mykje forståelse for denne aktiviteten. Litt derfor har dette samarbeidet komt i gang. Eller.. egentlig var det ikkje det som var grunntanken bak bloggen, men i ettertid ser vi at det er veldig bra at vi har dette prosjektet felles. Han tar bildene, og eg legg meg ikkje opp i kva for bilder han tar. Så skriv eg litt, og han legg seg ikkje opp i kva eg skriv.
Bakgrunnen for bloggen var nok å vise fram huset slik det ser ut i kvardagen vår. Altså tingene våre. Som ligg rundtomkring og sleng. Sånn som denne buksa, med strømpebukse inni...
Og så oppdagar vi at det faktisk er folk som er innom og ser på/les denne bloggen! Det er jo kjekt, sjøl om husmorstoltheten min ofte får ein knekk av bildene som vert lagt fram -spesielt når eg veit at folk faktisk les dette... Men så er ikkje mine husmorgener så sterke, så eg reiser meg kjapt igjen etter knekken. Dessutan er det likestilling her i huset, så det er like mykje Roald sin "feil" at det ser ut som det gjer her i huset...(bortsett frå klesvasken - den er min jobb...)(og kakebaking..)
Men apropos lesarar: ein lesar gav oss ein award! Hurra!! Enda ein grunn til å feire med muffins! (ref innlegg frå i går..) Og det var ikkje kven som helst, men sjølvaste bibliotekar HH med bloggen Mia i Myra! Dette er ein blogg med små, søte og morsomme refleksjoner frå kvardagen OG gode bokanmeldelser! Tusen takk!
Nå er dette andre awarden vår! Litt stolt...!
Men fortsatt har vi ikkje komt med 7 sannheter om oss sjølv... Får vel prøva å forfatta nokre sannheter som ikkje set oss i altfor dårleg lys. Kjem tilbake på det så snart som vi har komt oss ut av tenkeboksen...

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med award;-) no riggar eg meg til og ventar på dramatiske og sjokkerande sanningar! Ynskjer dykk ein fin dag. Sol og opplet!

    SvarSlett
  2. Bare hyggelig! Jeg venter i spenning. Og takk for flatterende omtale :-)

    SvarSlett