onsdag 14. april 2010

Store ting

Eg har lenge hatt lyst til å skriva om ting som er viktige og store.
F.eks klimakrisen.
At vi må alle bli enda meir miljøvennlege, skru av lys, kjøpe oss varmepumper, bruke sparedusj, sykle til jobben, la være å fly, spise økologisk mat osv. Og vi må slutte å bruke kull og fossilt brensel. (Det siste bør eg ikkje meine så veldig siden eg jobber i oljebransjen...)
Men korleis skal eg formulera meg?
Eg vil skriva om kriminelle innvandrarar. At dei må sendast ut av landet så fort det lar seg gjera, og at det er sinnsjukt at vi skal bruke ein heil masse av våre skattepenger på å beskytte ein viss terrosist som vart beskutt men ikkje truffen. Eg vil skriva om dei kriminelle innvandrarane som har det betre i norske fengsel enn dei har det ute i det fri i deira heimland.
Og apropos fengsel; eg skulle gjerne hatt nokre kloke ord om kvifor vi skal prioritere å sy puter under armane på kriminelle (både norske og utanlandske) medan sjuke og gamle skal stuast saman på eit rom, kanskje eit lite bøttekott, utan mogelegheit for mellom anna å komma seg ut i den nå så mykje omtala våren. Eg vil skriva om at kriminelle har rett på advokat, og at det burde eldre pleietrengande også hatt krav på, ein advokat som kunne hjelpa dei med å få plass på ein pleieheim eller aldersbolig e.l, eit enerom, med TV på rommet, eget do og dusj, og med omsorgspersonell som har tid.
Dessutan vil eg gjerne skriva om datalagringsdirektivet, hvis eg berre hadde visst kva eg meinte om det...
Eg vil skriva om burka og om religiøse hodeplagg for kvinner, som er eit merkeleg fenomen, i og med at mange av kvinnene påstår at dei brukar det av eigen fri vilje. Eg kan forstå at det kan vera praktisk, ref bloggen: Pias verden, men stort sett må det jo vera plagsomt å alltid måtte gå med noko tulla rundt hodet, for ikkje å sei rundt heile kroppen. Men å skriva at eg syns det er dumt med burka, vil vel ikkje bli noko godt innlegg. Da bør eg heller skrive slik som dette: "Det brysomme plagget", men det har nokon andre alt skreve....
Eg vil skriva om katolske prester, som heller burde få seg vaksne elskerinner(eller elskarar?) slik at deira seksuelle lyster ikkje går ut over stakkars små gutar.
Eg vil skriva om forbrukarsamfunnet. Om bruk og kast og gjennbruk. Om kloden som held på å gå under pga vårt overforbruk.
Men det er vankeleg og tidkrevande å skrive om alt dette, og dessutan er det skrive så mykje bra om alt dette frå før, så eg treng ikkje bry det vesle hodet mitt med slike store tema. Eg tar meg heller ein tur ut i sola og nyter dagen...

3 kommentarer:

  1. Tror nok du utmerket klarer å skrive mye bra om store ting også, men det tar litt mer tid, man må sjekke litt bakgrunnsinfo, og sette seg inn i en del. Men mye kan du nok allerede. Uansett kjekt å lese bloggen din om små ting og..

    SvarSlett
  2. Så enkelt og så mykje får du sagt:) E nok litt imponert ja.

    SvarSlett