tirsdag 6. april 2010

Dokka mi 2

Eg har ei guttedokke fra når eg var lita. Den måtte eg sjølvsagt finna fram att nå når vi har ein ny baby i huset. Men så kom eg til å tenkja på at dette er ei gamal dokke, og at den er av plast. Kan den då innehalde phthalater?
(Phthalater er eit ord eg ikkje går rundt og tenkjer så mykje på sånn til kvardags, men måtte google litt for å finna det...)
Pga mogeleg innhald av phthalater har ikkje Elise fått lov til å tygga på denne dokka. Dei to eldste gutane fekk lov, for vi tenkte ikkje så mykje på det den gangen. Får berre håpe det går dei vel likevel. Antakelig var dei meir opptatt av bilar og til nød bamsar, enn av dokker, så mest sannsynleg lot dei dokka ligge i fred, sjøl om det var ei guttedokke.
Så no ligg altså dokka mi her på hylla over vasken, ilag med tannkostar og skylleglas. Kanskje den trives med det og? Den har jo ein vakker utsikt, der den ligg og kikkar opp på gull-spegelen vår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar