lørdag 3. april 2010

Bleiepølse

Etter mange års pause fekk vi endelig ein ny bleieunge! Dei to eldste ungane våre måtte lide seg gjennom tøybleier. Eg trur ikkje det var så ille, men eldstemann påstår at han kan hugsa korleis lanolin-ullbuksene klødde og stakk... Fordelen er at det da vert lettare å slutte med bleier.
Eg er litt i tvil om miljøgevinsten ved å bruka tøybleier i forhold til papir, og når vi i tillegg har blitt litt latare med årene har vi nå gått over til papirbleier.

Det vert ein del papirbleier i løpet av ei uke. Nå var vi så heldige å få ei gratis bleiebøtte av ein snill butikk i Haugesund! Det vi ikkje visste var at refill-plastikkposene sikkert var dobbelt så dyre som det bøtta hadde kosta... Og sjølvsagt må vi bruke den sorten refill som kun kan kjøpast i denne butikken i Haugesund.
Men nå er jo jenta eit halvt år, så kun ca 2 1/2 år igjen med bleier!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar