tirsdag 16. mars 2010

Og det snør...

Dette bildet er tatt litt tidligare i vinter, men kunne like godt vært tatt dei siste dagane. Kong vinter vil ikkje gi seg heilt, og gir oss små melisdryss å vakne opp til kvar morgon nå. Det er vakkert syns eg! Og det må de vel vera einige i? Eg har forståelse for at folk nå er lei snøen, men nå er heldigvis mykje av snøen vekke, og desse små dryssa gjer det bare lyst og fint, og reint.
Nå syns sikkert enkelte blogg-lesarar at dette innlegget vart kvalmande positivt, og det hadde eg nok vært einig i om det ikkje var for at eg skreiv det sjøl. Men så er det jo viktig å vera positiv, og sjå lyst på livet, og spesielt dei tinga ein ikkje kan gjera noko med sjøl. F.eks. været. Nytter ikkje klage, for det er ytterst sjeldan at værgudane høyrer på klager. Eg trur faktisk dei aldri høyrer på klager? Om dei finn det for godt å endre været, f.eks sende våren ned til oss, så er det nok fordi dei vil det sjøl, og ikkje fordi mange nok har klaga lenge nok. Trur eg. Men kva veit nå eg om værgudane?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar