Og då går det ein god del smikker. Denne type smikke er genial i og med at maten vert liggande i behaldaren, og kan dermed etast ein gang til... Ellers er ikkje smikker så veldig effektive. Babyer putter gjerne handa i munnen, også medan dei eter, og maten heng seg fast på hendene, og deretter på alt som desse søte små hendene tar borti. Skal ein unngå å måtte vaske alle klærne (både babyen sine og han eller ho som matar sine kle) må både baby og matar pakkast inn i plast, men det er for mykje arbeid, så dermed vert det mykje klesskift og vaskemaskinen går seg varm. Trøsten er at dette med grising med maten oftast går over om ein 8-10 år...
Og la du merke til den fine duken me har fått oss? Det er ein plastikkduk (eller PVC?) kjøpt hos Princess, med kuenglar og -djevlar på. Var jo bare nusselig! Blir i godt humør av å ete ved dette bordet :) Nå blir eg forresten nesten alltid i godt humør av å ete...
Plastduker har eit dårlig rykte på seg, men jøye meg kor praktisk det er når ein har ungar, eller vaksne, som grisar mykje når dei eter! Og som gjer lekser, eller teiknar, eller tusjar...eller maler, og alt ikkje havnar på arket. Plastikkdukar har kome for å bli her i huset iallfall. Og så billig er det at når me er lei av djevelkyr så kan vi bytte ut med ein ny, med koslege blomar eller vanlege ruter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar