mandag 15. mars 2010

Sko og ransler

Eit nytt vakkert bilde av den store fine yttergangen vår. Eg er veldig glad for å ha ein stor yttergang, men av og til lurer eg litt på kor stor den skulle vært for å fått plass til alt som skal inn der? Ungene slipper ranslene sine rett ned når dei kommer inn (både våre unger og kompiser), skoene blir ståande akurat der dei tok dei av seg, og så er det alltid andre småting som blir ståande i gangen, fordi vi ikkje har nokon betre plassar å oppbevare det.
Sko er nok absolutt den tingen som roter det mest til i gangen vår. Vi er fire familiemedlemmer som for tida brukar sko, og vi har dessverre ikkje berre eit par kvar. Vi har joggesko, vintersko, fjellsko, fotballsko, inne-treningssko, støvler, støveletter, finsko, skisko, slalomstøvler, sandaler og klogger. Og nokre sko som er blitt for små og andre som er utslitt, men som ennå ikkje har blitt kasta. Roald prøver fortvila å setja opp skohyller nok til alle skoa, men klarer ikkje eingang sjøl å bruke skohyllene... Og når heller ikkje resten av familien ser ut til å vera spesielt flinke skohylle-brukarar blir resultatet som vist på dette bildet. Gleder meg til sommeren, når støveletter, skisko, slalomstøvler og andre vintersko kan pakkes vekk! ...men da dukker nok alt sommer-rotet opp. Svømmebriller og dukkermasker, fiskestenger, sure sokker som ein har tatt av seg fordi det var så varmt ute at ein ikkje trengte sokker likevel, fotballer - som ikkje skal ligge inne, men som likevel har ein tendens til å komme seg inn dørene, hagesaksa - som ved ein feiltakelse vart lagt i gangen istedenfor i kjelleren, putene til hagestolene som måtte inn fordi det kom ei lita regnbyge (joda, det hender at det regner sjøl om det er sommer!) osv... Kanskje vi blir flinkare til å halde det ryddig når ungane flytter ut, ein gang om mange, mange år?? Men eg er slett ikkje sikker...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar