mandag 22. mars 2010

Lekser

Så var det mandag. Ny uke, nye utfordringar og nye lekser.
Enkelte familiemedlemmer har behov for å tømme heile innhaldet i ranselen utover bord, sofa og av og til golv for å få det totale overblikket over leksene. Men leksene vert gjort, og stort sett vert også leksebøker, blyantar og ark lagt tilbake i ranselen.
Ranselen vert forresten ikkje heilt tømt. På slutten av året dukkar det alltid opp ei mugla niste og ein innskrumpa epleskront heilt på botn av sekken. Og kankje blyantkvessaren som ein har leita etter eit halvt år. For ikkje å snakke om det arket som vi aldri fekk, med innkalling til foreldremøte. Men dette er tradisjon. Og tradisjonar skal ein, som alle veit, ta godt vare på! Alltid like spanande kva som ligg i botn av sekken på slutten av skuleåret...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar