søndag 21. mars 2010

Soldansen

Under tema ungane kan det se ut som vi er mest glad i Elsie. Dette stemmer sjølvsagt ikkje! Vi er like kjempeglade i alle tre! Problemet med dei to eldste er at dei helst ikkje vil bli avbilda i bloggen, mens stakkast Elise ikkje har noko valg. Vi la inn eit bilde av gutane, og fekk litt kjeft for det. Men det var nok mest fordi fotografen lova å ikkje legge det bildet på bloggen, men så havna det her likevel...
Men her er altså nok eit bilde av Elise. Denne gangen midt i ein elegant dans i sola. Passar fint, sidan ho er solstråla vår!
For eit par dagar sidan lo ho skikkelig for fyrste gong. Det er alltid ein fantastisk opplevelse, å høyra den fyrste babylatteren! Ho ler ikkje av kva som helst, den jenta. Foreløpig er det stort sett storebrødrene ho ler av, og kun når dei hoppar og dansar og syng, på ein gang... Men smilet sitt deler ho gjerne med oss alle! Og det er bra. Eg tar det som eit teikn på at ho trives i denne litt løgne familien ho har havna midt oppi. Og vi trives veldig godt i lag med ho og!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar