tirsdag 23. mars 2010

To gode venner

Her ligg to gode vener av Elise, innimellom strikkadressar og tepper. Deira oppgåve her i livet er å bli kosa med av Elise. Og spist på og sleva på og med tida kanskje også leika med. Dei lever altså eit ganske ubekymra og enkelt liv midt i kaoset vårt, og eg trur dei er godt nøgde.
Vi har mykje å læra av desse to. Men eg skal ikkje utdjupa det meir her.
Eg overlet til lesarane sjøl å finna ut av det store spørsmålet: kva kan vi læra av to kosedyr som ligg lett henslengt på golvet, i eit kaos av tepper og klær??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar