onsdag 10. mars 2010

Lefse

Denne gangen treng du ikkje å gjette kva dette merkelige bildet forestiller... Det er nemleg ei lefse som er i ferd med å bli smurt.

I fjor kjøpte eg lefser av Solveig Westerheim, på julemessa i Dåfjorden. Det gjer eg kvart år. Veldig gode lefser! I tillegg fekk eg lefser av ei hyttenabo, som sengamat! Veldig kjekt! Så eg har hatt lefser heilt til nå. Dette var dessverre den siste lefsa.

Eg kommer aldri til å lære å bake lefse sjøl, for det er alfor komplisert. Eg håper det er mulig å kjøpe ferdige lefser på julemessa i Dåfjorden i mange år ennå. Dette med å bløyte og smøre på lefsene er komplisert nok for meg. Eg har sett korleis det skal gjerast, og prøver meg fram på same måte, men tykkjer det er vanskeleg. Når eg bløyter lefsa blir den enten litt hard eller den blir litt for godt bløyta. Og så skal den smørast, og da går den som oftest sundt. Nå fekk eg såpass mange lefser i år at til slutt fekk eg nesten teken på det. Som du ser på biletet er denne lefsa heil! Iallfall den delen av den som kom med på dette biletet. Litt av problemet med smøring av lefsa har nok vært at eg brukar bare smør. Det er ofte litt hardt, men eg har etter lang erfaring nå omsider lært meg at smøret må vera veldig bløtt, og eg har blitt flink å ta ut smøret (fortrinnsvis bremyk- som blir veldig bløtt) eit god stund før lefsa skal smørast. Eigentleg skal ein laga"klining", som er ei magisk blanding med bl.a. smør, rømme og sukker/melis. Dette er nok enklare å smøra utover, men krev at ein blandar saman ei vis mengde ingridienser, og da er det litt for mykje arbeid for meg, samanlikna med å bare smøre på smør, som også smakar veldig godt. Og mykje sukker sjølvsagt!

Men dette var som sagt siste lefsa, og den er spist opp, så nå blir det ikkje lefse før til jul igjen. Og det er ennå ei god stund igjen til jul, heldisvis får ein vel sei. For nå skal me sjå fram til vår og somar! Snart forsvinn snøen! Det skal bli kjekt det og! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar