onsdag 10. mars 2010

Vasskringler

Når eg var lita jente...

...for lenge, lenge, lenge sidan, fekk eg vasskringle hjå mormor. Vasskringler var kaffimat, og vart servert med godt smør på. Nå er det mange år sida mormor levde, og eg har lenge sakna vasskringlene. Derfor var det nå på høg tid å bretta opp ermene og sette i gang sjøl.

I Haugesund Husmorskoles kokebok står alle slags viktige oppskrifter, og der står og oppskrift på vasskringler. Det visar seg å vera ganske enkelt å laga. Deigen skal vera smidig og lett å arbeida med. Eg fekk god hjelp av gutane mine til å lage kringler denne gangen. Dei laga minst like fine kringler som meg. Når kringlene er forma til kringer, skal dei leggast i kokande vatn, takast opp igjen når dei flyt opp, og så skal dei steikast.

Og så til slutt skal dei etast opp, med mykje godt smør på! Nam!

Gutane hjalp også til med å ete opp kringlene, noko som var ganske fort gjort sidan eg laga ein enkel porsjon. Neste gang må eg laga fleire!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar