mandag 8. mars 2010

Kopp

Dette her er ein kopp! :)
Det er ein munter kopp, som eg har vunne på basar på bedehuset i Dåfjorden. Den låg oppi ei eske med samme prikkemønsteret på, men eska er borte vekk. Koppen er fin å drikke kaffi av, men den er likevel ikkje blant yndlingskoppene mine.

Dette med yndlingskopper er eit tema som hadde vært interessant å studere nærmere. Mine yndlingskopper (til kaffi vel å merke) skal vera enten rette eller svakt skrånande, slik som den på bildet. Dei skal ikkje vera laga av for tjukk eller grov porselen/steintøy, og dei skal vera gode å halda i. Og gjerne med fine fargar eller med ein munter figur på.
Andre kaffidrikkarar likar best å drikke kaffien sin av små nette koppar med tefat under. Og så finnes det dei som likar kaffien best i stålkoppar, og kanskje nokon også likar kaffien best i pappbeger med lokk. Nå er det også populært å drikka kaffi fra høge glas. Då er det ofte kaffelatte eller mokka eller kva alle desse nye, fancy drikkane heiter.

Andre varme drikker krever andre typar koppar/krus. Te blir drukke i store koppar. Dei er ofte mykje vidare enn kaffikoppen, og har ein heilt annan fasong. Eg er ingen stor te-drikkar, og har derfor ikkje utvikla min te-yndlingskopp, men har observert andre te-drikkarar. Nokon får nesten ikkje tak i stor nok kopp, og drikk teen sin av noko som for utanforståande liknar meir på ein suppeterrin. Andre likar bedre vanlige rette krus, som også vert brukt til kaffi. Men mange ihuga te-drikkarar kan ikkje drikka teen sin av eit krus som det tidlegare har vært kaffi i - dei meinar kaffismaken sit igjen i porselenet.(?) Og så har ein også blandt te-drikkarane enkelte som likar best å drikka teen sin i store høge glas.
Kakao er absolutt best å drikka av store vide koppar. Gjerne litt runde i fasongen. Fordelen med ein vid kopp til kakao er at ein da får plass til mykje krem på toppen. Nam!

Nå kan det høyrast ut som at eg kanskje har eit stort utvalg i kopper og krus, men det har eg ikkje. Eg har ein god del krus som eg nesten ikkje klarer å drikka kaffi av. Men har heldigvis to-tre stk som er veldig gode. Skulle gjerne hatt eit sett med gode og fine kaffikopper, slik at eg kunne gjort det litt koslig når eg serverte kaffi til venninner og gode naboer. Slik som det er nå tar eg sjøl Praha-koppen min, og gjestene får enten eit krus med "Haugaland kraft" på eller eit med Egon-reklame på. Eg har sjølvsagt kaffiservise som eg brukar til litt meir høgtidlege kaffibesøk, men til meir uhøgtidlege besøk skulle eg hatt nokre gode og fine krus - som var like, og utan reklame på. Kanskje på høg tid å investera i nokre nye krus. Men det blir ikkje lett å finna når eg har så mange kriterier som skal oppfyllast. Og korleis skal eg finna dei når eg nesten aldri er i butikkar? Du skal ikkje sjå vekk fra at det blir servert kaffi i Haugaland kraft sine krus ei stund til i dette huset. Vi byter visst oftare bilar enn vi byter inventar i kjøkenskåpa våre...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar