søndag 7. mars 2010

Gamlemor, Elise, tusenpuppen og latterdyret

Her kosar vi oss! Eg likar ikkje at Roald tar bilde av meg...men ok så var kanskje ikkje dette så værst. Og nå er det vel Elise som er midtpunktet, og ho er absolutt fotogen!
Tusenpuppen (den rosa plastdingsen som ligg over hodet mitt) er yndlings-biteleken til Elise. Vi hadde også ein slik ein til gutane når dei var så små, men har nok gitt den vekk,(nei vi skulle ikkje ha fleire ungar- meir enn nok med to..nokon som har høyrt oss nevna det...?) og måtte derfor kjøpe ny. Ikkje den heilt store investeringen heldigvis. Latterdyret er ein presang fra ei god kollega. Elise er litt småredd når latterdyret setter i gang med den gale latteren sin, men ellers er ho glad i det, for det går fint an å tygge på den og.
Fantastisk fint å ligge sånn på gulvet med Elise. Ho storkosar seg når ho ikkje treng å ligge der aleine, og eg storkosar meg, for så lenge eg ligg der og passar Elise, så kan eg jo ikkje støvsuga, vaska, rydda, laga middag eller alt det andre som skulle vært gjort! Det får nokon andre gjera, som ikkje passar Elise. Eller det får vente til ein annan gang. Må prioritere dei viktige tinga i livet. Og barna er viktigast, så derfor ligg eg her med god samvittighet, og lar klesvask og støvtørking vente. ...til det er tvingande nødvendig...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar