søndag 29. november 2015

Adventskalender

Tida rett før jul er kanskje ikkje ideel tid å miste inntekt på, men på den andre sida - det er nok bare sunt å redusere litt denne kjøpegalskapen som eg ikkje klarer å styre unna eg heller, kvart år... I år skal eg strikke ullsokker til alle mann. Når eg bare får tid å sette meg ned og strikke da....
Men pakkekalenderen klarer eg ikkje å la vera å lage til dei søte små sjølv om eg må spare litt peng. (også dei to som nå bare er søte - og ikkje små... altså blei setningen søte små- i fleirtal feil - for nå er det bare ei lita igjen her i huset - men eg gidder ikkje omformulere meg - nå har du sikkert forstått kva eg meinte uansett - og antakelig har du for lenge siden klikka deg videre til ein annan blogg, til VG eller noko meir interessant...men uansett...)  Dessverre har eg ikkje tid å strikke 72 par ullsokker til å fylle i kalenderen. Heldigvis har eg lest nokre få blogger mens eg hadde bloggpause, og i fjor slumpa eg plutselig til å få et tips om ebay! Derfor er nå mange meir eller mindre nyttige og billige ting for lengst bestilt, og dei fleste tingene har komt, og er fint pakka inn.
Den typen heimalaga pakkakalender som eg lagar strider mot mitt forsøk på å vera litt miljøvennlig, for det skal ein jo helst vera i disse dager. Lite miljøvennlig fordi eg altså kjøper mange små unyttige ting fra Kina og deromkring.
Det beste for alle parter hadde sikkert vært å gitt ungene eit par hunderlapper istedenfor. Evt skulle eg gitt forseggjorte små kunstverk av noen små heimalaga, miljøvennlige papirlapper med tekst - f.eks: "eg er glad i deg" " du er snill" og sånt. Evt "i dag skal vi kose oss med boller og kako og se ein kjekk film sammen", "juleverksted med heile familien, julegløgg og julemusikk i kveld" eller "BAKEDAG!" eller noe sånt. (Dette var forresten gode ideer som eg kanskje skal se om eg får til i eit par av pakkene..) Men kalenderen som materialiserer seg her i løpet av desember består aller mest av ubrukelige ting som blir kasta ganske så snart... Eg prøver jo å finne ting som kan vera nyttige - sokker og truser, blyanter, viskelær osv...men ender stort sett opp med billige plastdingser fra Kina for det ser så mye gøyere ut...
Illustrasjonsbildet viser eit lite utvalg av dingsene som allerede finnes i heimen. Pluss ho litle søte.

Har du ein miljøvennlig adventskalender?
Uansett: ha ein fin og miljøvennlig(?) første søndag i advent!

1 kommentar: