mandag 7. mars 2016

Tester expat-tilværelsen

Det viste seg å bli for travel å blogge samtidig som ein skulle vera husmor på fulltid. Derfor tester eg nå ut kombinasjonen blogging og expat.
Etter å ha vært permittert ei god stund var der vanskelig å sei nei til ein kortvarig jobb i Singapore. Eg som aldri har vært utenfor Europa skulle plutselig reise aleine langtlangt vekk frå heimen. Egentlig skulle eg ikkje reise aleine - vi er ca 9 som skal jobbe her fra min arbeidsplass, men det blei nå eingang sånn. Og for å gjere ei potensielt lang hisorie litt kortere; eg kom meg ned heilskinna, etter å ha spurta frå gate til gate pga forsinka fly (forsinkelser i Haugesund og Oslo på fredag morgen pga snø i Oslo på torsdag) og bilen som skulle plukke meg opp når eg endelig var vel framme i Singapore klarte å kjøre fra meg for han hadde tatt med seg ein kollega (som eg forøvrig ikkje kjenner - og han kjenner ikkje meg...som sikkert trudde at eg ikkje rakk det flyet...) og kjørt til leilighetshotellet.

Men etter eg at eg ankom tidlig i går så sat eg ved bassengkanten, i 34 grader og høg luftfuktighet og lurte fælt på korleis eg skulle overleve å jobbe her nede, eg som er skapt for vestlandske hauststormar. Ved bassengkanten skulle eg klar å overleve ei god stund. Og inne, i kjølige luftkondisjonerte rom skal eg overleve.
Men eg trur jobben eg skal gjera her krever at vi går ut og kikker på noen greier. Med kjeledress, hjelm, vernesko og vernebriller...i 34 grader og sol. Første dagene blir bare mykje introduksjoner, så vi holder oss mest inne i kjølige kontorer og møterom. Prøvelsene gjennstår...
Hvis eg overlever kommer det kanskje et nytt blogginnlegg om ei lita stund.
Bilde blei det visst ikkje. Dåke får google Singapore - så får dåke ein viss ide koss eg har det.



fredag 22. januar 2016

Meiningslause blogger?

Eg sitter her og hånflirer av rosabloggerne - alt dei kan finne på å skrive om tanketomt vrøvl og lettsindige filosofiske betraktninger.

....i sterk motsetning til oss seriøse fjasebloggere...
Nå må eg snart finne på noko seriøs fjasing å blogge om. Kribler i fingrene, men hodet er tomt..

...ja, ja - det pleier ikkje hindre verken meg eller andre fra å skrive, så det dukker nok opp meir etterkvart.
Og nå er det helg!

torsdag 31. desember 2015

Siste dag og kavalkade?

nei - ingen kavalkade for denne bloggen.
Den hadde blitt ganske kort, men eg er ikkje så glad i kavalkader, og siden det er eg som er redaktør så blir det altså ingen kavalkade.
 
Istedenfor blir det ei enkel nyttårshelsing herfra.
 
 
Så får vi sjå kva 2016 vil bringa.
Håper det blir eit godt år for alle.
Ha ei fin og trygg nyttårsfeiring!
 

mandag 21. desember 2015

Sunn jul?


Eg prøver å leva litt sunt. Eg følger med på bloggen til Berit Nordstrand, og forsøker å følge nokre av hennar mange gode tips og eg prøver ut mange av hennar gode oppskrifter. Eg har blitt flink å bytte ut litt av sukkerforbruket med honning, og eg bruke mindre kveitemjøl, meir spelt og meir fullkorn.

Men så kjem plutselig jula.
Og eg elsker å bake.
Så forsøker eg alternative julekaker, med honning og spelt. Heilt ok julekaker.

Men det blei med den utprøvinga. Til jul skal kakene bakast med skikkelig sukker og kveitemjøl og fett. Og vi skal spise marsipan og sjokolade og feite smultringer og ribbefett og julebrus og juleøl og julevin og vi skal kose oss. Uten snev av dårlig samvittighet.














Så starter vi heller på an igjen i januar med honning og spelt.





søndag 13. desember 2015

Julestress

11 dager igjen til jul og julepanikken har etterkvart senka seg over dei fleste antar eg.
Det bakes og handles og pakkes og ryddes og koses over ein lav sko.
Underteikna skulle få så himla god tid til alt julestresset i år siden eg naver. Plutselig blei eg kalla tilbake på jobb - og da også inkludert helgearbeid  - f.eks i dag - i skrivende stund (Nå brukes pausen på å skrible ned nokre kloke, kjappe ord...men siden det er betalt pause på søndagene er eg for første gang  (og siste..) ein betalt blogger!)
Underteikna i aksjon med julegaver.
Dette bildet er fra i fjor - for SÅ langt som dette har vi ikkje komt med juleforberedelser hos oss i år.
Heldigvis fekk eg tatt julevasken på badet medan eg gjekk heima - så da er det ikkje så mykje meir som gjenstår. Eit par tre julegaver må kjøpast, golvet må vaskast, huset må ryddast (inkl.badet - for det blei rotete igjen like etter julevasken blei tatt...), julepynten må fram, støv må fjernast (eller iallfall gøymast), julegaver må pakkast inn, fjerne dei fleste fingermerkene på vinduer, nokre fleire julekalendergaver må kjøpast og pakkast inn, julekaker må bakast, julavslutning og førjulskos står på tapetet denne veka, julematen skal kjøpast, juletre skal skaffast og pyntas, pinnakjøtet skal leggast i vatn - men bortsett fra dette, og litt andre småting så er eg KLAR FOR JUL!

Koss er det med deg? Fint ferdig og klar?

søndag 29. november 2015

Adventskalender

Tida rett før jul er kanskje ikkje ideel tid å miste inntekt på, men på den andre sida - det er nok bare sunt å redusere litt denne kjøpegalskapen som eg ikkje klarer å styre unna eg heller, kvart år... I år skal eg strikke ullsokker til alle mann. Når eg bare får tid å sette meg ned og strikke da....
Men pakkekalenderen klarer eg ikkje å la vera å lage til dei søte små sjølv om eg må spare litt peng. (også dei to som nå bare er søte - og ikkje små... altså blei setningen søte små- i fleirtal feil - for nå er det bare ei lita igjen her i huset - men eg gidder ikkje omformulere meg - nå har du sikkert forstått kva eg meinte uansett - og antakelig har du for lenge siden klikka deg videre til ein annan blogg, til VG eller noko meir interessant...men uansett...)  Dessverre har eg ikkje tid å strikke 72 par ullsokker til å fylle i kalenderen. Heldigvis har eg lest nokre få blogger mens eg hadde bloggpause, og i fjor slumpa eg plutselig til å få et tips om ebay! Derfor er nå mange meir eller mindre nyttige og billige ting for lengst bestilt, og dei fleste tingene har komt, og er fint pakka inn.
Den typen heimalaga pakkakalender som eg lagar strider mot mitt forsøk på å vera litt miljøvennlig, for det skal ein jo helst vera i disse dager. Lite miljøvennlig fordi eg altså kjøper mange små unyttige ting fra Kina og deromkring.
Det beste for alle parter hadde sikkert vært å gitt ungene eit par hunderlapper istedenfor. Evt skulle eg gitt forseggjorte små kunstverk av noen små heimalaga, miljøvennlige papirlapper med tekst - f.eks: "eg er glad i deg" " du er snill" og sånt. Evt "i dag skal vi kose oss med boller og kako og se ein kjekk film sammen", "juleverksted med heile familien, julegløgg og julemusikk i kveld" eller "BAKEDAG!" eller noe sånt. (Dette var forresten gode ideer som eg kanskje skal se om eg får til i eit par av pakkene..) Men kalenderen som materialiserer seg her i løpet av desember består aller mest av ubrukelige ting som blir kasta ganske så snart... Eg prøver jo å finne ting som kan vera nyttige - sokker og truser, blyanter, viskelær osv...men ender stort sett opp med billige plastdingser fra Kina for det ser så mye gøyere ut...
Illustrasjonsbildet viser eit lite utvalg av dingsene som allerede finnes i heimen. Pluss ho litle søte.

Har du ein miljøvennlig adventskalender?
Uansett: ha ein fin og miljøvennlig(?) første søndag i advent!

fredag 20. november 2015

Kos

Så har vi komt oss fra det verste sjokket etter Paris-terroren og IS-trusler. Og denne bloggen kan i likhet med bl.a. VG og Dagbla' igjen konsentrere seg om kvardagslig fjas og tull.
For det er jo det vi liker best - vi nordmenn- fjas og tull, og å kose oss.
Sånn forholder det seg også med underteikna.
Eit faktum som eg egentlig aldri har tenkt så mye på før eg fekk utenlandske venner, og i tillegg fekk augene opp for denne bloggen: http://afroginthefjord.com og da spesielt dette innlegget http://afroginthefjord.com/2014/02/02/how-to-make-things-koselig/
Men det er jo koselig da - å kose seg....
og glemme terror, død, uvenner, regn, julestress, klesvask, rotehus, sjukdom, arbeidsledighet, krangling, sult og elendighet,  - og heller bare tenke koselige tanker: varm kakao, sydentur, stearinlys, kos, godmat, vin, snillebarn, fyripeisen, venner osv...
 
Ha ei koselig helg!

mandag 16. november 2015

Ein bedre verden?

Det er ikkje kjekt det som skjer rundt oss i verden nå. Egentlig er det vel alltid fæle ting som skjer når ein tar heile verden for seg.
Nå kom alt det vonde litt tettere innpå oss siden det kom et angrep i Paris. Ein by som mange av oss har vært i og mange har et nært forhold til. Og som ligg i Vest-Europa.
Nå er det mange som er forbanna for at vi ikkje reagerte når det smalt i Beirut dagen før.  Eller kvifor reagerer vi ikkje like sterkt kvar gong det smeller, eller kvar gong det skjer eit overgrep.
Eg skal ikkje komme med nokon filosofi rundt dette.
Eg skal bare poste et lite innlegg som handler om kva eg tenker om alt dette - før eg fortsetter å poste mine vanligvis meir navlebeskuende innlegg. OK - så kan dette innlegget også oppleves som litt navlebeskuende siden det fortsatt handler om meg og mine tanker og følelser...men eg skriver det likevel - sånn at eg med god samvittighet kan fortsette med mine fjasete innlegg neste gang.
Eg må jo med ein gang tilstå at eg ikkje fekk med meg at det smalt i Beirut. Ikkje før etter Paris. Ikkje før Libaneserne reagerte på at vi ikkje reagerte på at det smalt også i Beirut... For eg er ikkje flink å holde meg oppdatert.
Eg syns det er fryktelig å høyre om IS. Om korleis dei krigar, korleis dei rekruterer soldater, og ikkje minst - korleis dei behandler kvinner/jenter. Bunnlaust fortvilande.
Og så hjelpelaust som det føles. Kva kan vi gjera for desse misbrukte kvinnene og barna? Eg klarer ikkje ta det innover meg - korleis skulle eg kunne leve eit normalt liv om eg tok alt det innover meg..?
Nå som vesten på alvor har erklært krig mot IS øyner eg eit håp om at dei kan bli knust ein gang for alle, og kanskje verden blir ein litt bedre verden. Det er sånn eg tenker. Heilt sikkert naivt. Men det er eit lite halmstrå å klamre seg til i eit ellers så mørkt nyhetsbilde.
Så meiner eg vi må klamre oss til håpet om at alle skal få det godt ein gang. Og sende litt penger eller klær eller andre ting, til både flyktninger og til sultne og trengende rundtom i verden. Sjøl om vi gjør det mest for å lette vår egen samvittighet, så får vi jo tro at det faktisk også hjelper litt...
Og så får vi fortsette å vera snille med kvarandre.
Så blir det nok sikkert slutt på krig og sånt til slutt.......